• Ha ein god dag, er avskjeden på Rimi. - Du er heilt blåst i hovudet, var helsinga eg fekk frå HSD-sjåføren då eg gjekk av i førre veke. Servicebedrifter, begge to!

Bakgrunnen for dette noko uheldige utsagnet, var ei misforståing frå mi side. Eg hadde hatt besøk av veslebroren min i leilegheita mi i Bergen, og skulle senda han heim til Lindås-distriktet med buss. Samstundes skulle eg på venninnebesøk i Sandviken. Det eg ikkje var klar over, var at HSD slett ikkje stoppar der for avstigande passasjerar. No i ettertid forstår eg sjølvsagt kvifor det er slik, men der og då slo det meg ikkje å spørja om det. Så eg stakk inn busskortet mitt på vanleg måte.

I Sandviken trykte eg på stoppknappen, men sjåføren slo signalet av, utan vidare reaksjon. Eg hasta fram og fortalde at eg skulle av, men fekk beskjed at det fekk eg ikkje lov til. Han slapp ingen av før Klauvaneset, sa han.

Siste haldeplass før Flatøy! Så mykje tid skulle eg altså kasta bort fordi eg ikkje tenkte på å ta ein gul buss i staden. Er det eg som er rar, når eg meiner at god kundeservice ville vore å gjera merksam på feilen, og så sleppa meg av på næraste stopp?

I Åsane gjekk samtalen omtrent slik:

Eg: — Du får sleppa meg av her då.

Sjåføren: - Eg må ingenting, eg. Eg skal ikkje sleppa nokon av før Klauvaneset.

Eg: - Du kan no ikkje vera så firkanta!

Sjåføren: - Nei, eg er ikkje firkanta! Men du er blåst i hovudet!

Idet han smelte til med den høgst profesjonelle vurderinga av meg som uerfaren busstakar, opna han endeleg døra.

Eg tviler på at denne episoden treng så mange kommentarar. Eg vil avslutta med eit tips og ei påminning til HSD. Først tipset: Hadde det vore ein idé å ha eit skilt i frontruta som seier «Ingen avstiging før Klauvaneset?» Då hadde andre sloppe å gjera same feilen som meg. Og påminninga: Kurs i service! Dette gjeld sjølvsagt langt frå dei fleste sjåførane, men denne episoden viser at behovet er der hjå somme.

HEIDI FAGNA