OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordI går, i dag og i morgon er den 46 år gamle Halsnøy-mannen benka i Sunnhordland heradsrett for å forsvara bortføringa av sine to søner frå ekskona i Danmark hausten 1999. I fire månader heldt Kristensen dei to sønene, som i dag er 11 og 9 år gamle, i skjul for mora på kjente og ukjente adresser i Noreg. — Ei fantastisk tid. Eg underviste ungane sjølv. Alt er dokumentert på videofilm, sa Kristensen i heradsretten.- Eg gjenoppretta den lovlege situasjonen for borna, sa Per Kristensen, som blir forsvart av Oslo-advokaten Morten Kjensli.- Då eg var på veg til skulen med ungane i Danmark, kom han og ein annan mann og tok dei med seg i ein bil med tvang, forklarte den 39 år gamle barnemora i retten. Søkelys på barnevern Per Kristensen og advokat Kjensli gjekk første dag av rettsforhandlingane kraftig i rette med både politi og barnevern i Kvinnherad, og danske rettsinstansar. Dei hevdar at ingen greip inn overfor Kristensens ekskone som ulovleg tok med seg ungane ut av landet to gonger, siste gongen godkjent og dels finansiert av barnevernet. Barnefordelingssaka til paret var den gongen ikkje rettskraftig.Per Kristiansen hevdar seg også sabotert av politiet ved at meldinga hans mot ekskona var rota bort i nærare to år. Mora flytta med dei to gutane til Danmark i mai 1998, og faren hadde berre sporadisk kontakt med ungane fram til han og ein kamerat dukka opp i Danmark 13.august 1999 og henta dei.Sivilrettsleg har fordelinga av foreldreansvar og samværerett pågått samanhengjande sidan 1995, opplyste aktor i saka, politiadjutant Sturla Vestly. Høgsterett tilkjente i februar i fjor mora både foreldreansvar og samværeretten. Arrestert i retten Per Kristensen hevdar at han var ukjent med at Gulating lagmannsrett hadde fråkjent han samværeretten då han henta heim ungane frå Danmark.- Her har vi sett det grellaste eksempel på korleis rettssystemet fungerer for ein far som ønskjer å ha sine rettar i behald. I det norske rettssystemet tenkjer ein ikkje, ein berre fordeler til mor. Så får det vera som det vil med dei rettslege reglane, sa advokat Morten Kjensli syrleg i retten i går.Per Kristensen har studert både barnevernslova og FNs barnerettskonvensjon. Med grunnlag i Haag-konvensjonen søkte han også Justisdepartementets hjelp til å påvirka danske styresmakter til å få senda ungane heim til Noreg.Kristensens ekskone sa i retten at eksmannen ikkje hadde innretta seg etter sivilrettslege avgjerder om foreldreansvar og samvære. Ekskona fortalte også om korleis gutane blei som kasteballar mellom ulike skular, og at eksmannen nekta henne å flytta ut av huset etter samlivsbrotet. Til sist søkte ho flyttehjelp frå krisesenteret for Sunnhordland.