Staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane står i grell kontrast til desse tala og til det som er i ferd med å skje med landbruksnæringa i fylket vårt. Sidan 1992 er 1000 gardsbruk i Sogn og Fjordane nedlagt og «billegare mat-konseptet» til Bjarne Håkon Hanssen strammar skruen endå hardare til.

Medan dei rike naturressursane i fylket vårt legg grunnlag for velstand og utvikling i Norge, mistar bygdene våre arbeidsplassar. Og medan andre grupper får lønsvekst og meir fritid, vil statens sitt tilbod føre til inntektsnedgang og mindre ferie og fritid for bøndene i Sogn og Fjordane. Landbruksministeren skal ha ros for tanken bak verdiskapingsprogrammet. Det nyttar likevel lite å stimulere til nytenking og auka verdiskaping i næringa ved å gje med den eine handa og ta med den andre.

Om fylket vårt er rikt på naturressursar, har vi ikkje jordbruksareal i overflod. Dette gjer Sogn og Fjordane til den store taparen i omleggingane av landbrukspolitikken, og det siste året tapte landbruksnæringa i fylket 33 mill. kroner som følgje av reduksjonar i statlege overføringar.

Likevel kan Bjarne Håkon Hanssen sin diagnose føre til feilmedisinering med sure biverknader for resten av landet, slik det ofte går når ein gløymer å tenkje heilskap. For å oppretthalde velferdsnivået i framtida, treng Fastlands-Norge nye arbeidsplassar og sentrale politikarar har utpeika havbruk som den nye vekstnæringa når oljeinntektene går ned. Utfordringa framover blir difor å skaffe nok arbeidskraft til havbruk og industri, noko som igjen er avhengig av attraktive bygdemiljø med god infrastruktur og eit allsidig næringsliv. Landbruket i Sogn og Fjordane er ein viktig del av denne mosaikken, både når det gjeld busetnad, rekruttering av arbeidskraft til dei framtidige vekstnæringane og vedlikehald av kulturlandskapet som er så viktig for reiselivet.

Vestlandet har rike olje-, gass— og marine ressursar og ein konkurransedyktig verfts- og skipsbyggingsindustri. I fjor kom heile 40 prosent av vareeksporten frå denne landsdelen som også står for nesten 40 prosent av vasskraftproduksjonen i Norge. Naturressursane vil i mange år framover vere grunnlaget for verdiskaping og vekst i landet vårt. Statlege tilbakeføringar av midlar til distrikta er såleis ikkje ei utgift, men tvert om ei investering i framtida.

Bruksstrukturen i vårt fylke gjer til at landbruksnæringa kjem særdeles dårleg ut av jordbruksoppgjeret i år som i fjor om staten vinn fram med sitt tilbod. Gong på gong har vi peika på dette, men er det slik at vi snakkar for døve øyrer? Bjarne Håkon Hanssen vil ha større gardsbruk og billegare mat. Vi vil ha rammevilkår som gjer det mulig å drive småskalaproduksjon av trygg mat på basis av naturressursane i det fylket vi er stolte av å høyre heime i!