— Politikarar som går ut og kunngjer på TV at folk må gå over til biobrensel på flekken, er ikkje særleg realistiske, seier Arnfinn Trøen i Vaksdal Biobrensel AS til Bergens Tidende.

Pellets i vinden

Dagleg leiar av einaste pelletsprodusenten på Vestlandet tenker med gru på kva som ville hendt om folk tok politikarane på ordet.

— Tenk om 10.000 ville kjøpa pellets-omn i løpet av 2003. Det er ikkje spesielt høg prosent av norske TV-tittarar. Under 1000 vil finna pelletsomn i norske butikkar, seier Trøen.

— Det hjelper altså lite om Staten yter tilskot til omnskjøpet?

— Ikkje i denne samanhengen. Det fører berre til at fleire vert skuffa.. Statsgaranti på 100 millionar kroner for omns-importørane hadde vore meir effektivt. Då kunne ein ha våga å importera 10.000 omnar, om fabrikkane hadde hatt kapasitet.

— Har dei det?

— Ikkje umiddelbart. Dei treng omstillingstid.

— Inga løysing for denne vinteren altså?

— Ikkje for neste vinter heller. Sjølv om pellets er i vinden som aldri før, trur eg neppe det let seg gjera å oppdriva meir enn tusen nye omnar i løpet av dette året her i landet, seier Trøen.

Oppsving etter krisa

Held interessa for pelletsomnar seg på dagens nivå, vil alle tilgjengelege omnar gå unna til dei som bestemmer seg raskt, og ikkje ventar på eit tilskot som politikarane gjerne lover, men kanskje ikkje held - på lenge.

Omnane vert produsert i Østerrike. I tillegg til bedrifta på Dalegarden, driv Norsk Hydro med import.

Vaksdal Biobrensel AS vart skipa i 1997. Etter ein varsam start, har det gått smått om senn framover. Det store oppsvinget kom i vinter. Rett etter at dalingane hadde fått forhandlaravtale med Felleskjøpet, som har utsal over heile landet, kom kraftkrisa. No går det dagleg vogntog med omnar og pellets ut frå anlegget i Vaksdal Næringspark i Glasmeister Hole sitt tidlegare industribygg på Dalegarden.

Pellets er sagflis som er kverna enda finare, og deretter tørka og pressa saman til sigarett-tynne sylindrar som lett knekker opp i 2-3 centimeters lengde. Prosessen fjerna 80 prosent av vatnet i sagflisen, som er om lag like fuktig som ved. Fyring med pellets blir dermed betre og billegare enn vedfyring, og ein slepp legga innpå nye kubbar heile tida.

Lettare enn ved

Brenselet kjem i hendige tikilos sekker. Langt lettare enn å lempa vedskier. Pelletsen vert tømt opp i ein tank, og renn automatisk ned i omnen etter behov. Omnen kan termostatstyrast, om ynskjeleg med lågare temperatur om natta eller når huset er folketomt. Innelufta kan varmast opp direkte, eller varma opp vatn i eit sentralvarmeanlegg. Omnen vil slokna ved straumbrot, om det ikkje er kopla til batteri eller reserveaggregat, men tenner seg sjølv att når straumen er attende.

Prisen på ein rimeleg og grei varmluftsomn ligg i overkant av 23.000 kroner. Det finst omnar til opp mot 80.000 kroner.

Pelletsproduksjonen på Dale har fjerna eit problem i Granvin; dei svære haugane med sagflis ved sagbruket. Ei kraftigare kvern vil kunne mala opp tømmer direkte, og gnaga sund trepallar, som i dag er eit avfallsproblem. Ein magnet vil fjerna oppmalne spikrar.

LUN VARME: Pelletsomnen gir god, miljøvenleg og rimeleg varme, konstaterer Arnfinn Trøen ved Vaksdal Biobrensel AS.<p/><FOTO: RUNE SÆVIG