Jau, alle har dei visstnok skrive under eit opprop mot ei ny gate i Førde.

Tidlegare denne veka fekk Førde-ordførar Wilhelm Sandal overlevert meir enn 5800 underskrifter mot den omdiskuterte Elvegata langs Jølstra i Førde. Eit knapt fleirtal i kommunestyret har vedteke ein reguleringsplan for eit område i sentrum. Planen inneheld ein ny bilveg langs grøntområdet ved elva. Med høgst ulike motiv som bakgrunn, har nyvegen blitt møtt med sterke protestar.

Vil ha ny handsaming

Så sterke at nær halvparten av innbyggjarane i Førde har støtta ein underskriftsaksjon der målet er å få saka opp til ny handsaming, og i neste instans stoppe Elvegata. Listene har lagt ute fleire stader i kommunen.

Men i følgje lokalavisa Firda er ei rekkje av namna på listene tullenamn. I tillegg til dei før nemnde utlendingane, har eksempelvis fotballkjendisane Egil «Drillo» Olsen og Åge Hareide støtta underskriftsaksjonen. Dessutan både Nissefar og Nissemor.

— Listene er søppel, meiner Aps ordførarkandidat, Sveinung Nordtveit. Han representerer eit parti som har vore for Elvegata. Ap-politikaren har gått gjennom listene, og konklusjonen er at dei passar best i bossdunkane til Sunnfjord Miljøverk.

— Enkelte namn går att bortimot 20 gonger, påpeikar han. Nordtveit meiner han også kan dokumentere at mange ungar har skrive under oppropet.

Klar over tullenamna

Arne Øvrebø, som tok initiativet til underskriftskampanjen, seier dei var klar over at det var ein del tullenamn.

— Men sjølv om ti prosent av namna blir strokne, har likevel over 5000 skrive under, understrekar han.

— Dersom Nordtveit ikkje syns listene er gode nok, får han halde ei folkeavstemming.

Også ordførar Wilhelm Sandal har studert underskriftslistene, men han er langt frå så kategorisk som Nordtveit.

— Det er ein del tullenamn, vedgår Sandal, som likevel ikkje trur det dreiar seg om meir enn nokre hundre.

— Dette reduserer ikkje hovudinntrykket av at dette har vore ein kjempeaksjon, seier ordføraren.

Førde kommune har fått inn ei rekkje klager på Elvegata-vedtaket. Desse skal opp i planutvalet i kommunen 2. september.