Medan dei ventar på dommen i saka der ei kvinne held Staten ansvarleg for at bilen hennar kolliderte, kjem Vegvesenet med nye tiltak og forklaringar på at stadig nye uhell skjer på den svingete, glatte vegbana på E39 i Halbrendslia i Førde.

Billegare enn andre stader

— E39 i Halbrendslia er spesiell, med både stigning og svært skarpe svingar. Olje og diesel kan lett skvette av tungtransporten som går der, seier distriktsvegsjef Oddvin Ylvisaker i Statens vegvesen. - Det kan vere at mange fyller tankane sine stappfulle like før dei kjører opp Halbrendslia, for vi veit jo at det er billegare diesel i Førde enn andre stader.

Ylvisaker fortel at vegvesenet stort sett alltid kan spore søl av diesel eller olje på denne utsette vegen. Også dei to siste månadene har det vore ein god del trafikkuhell og nestenulukker.

— Utan unntak er forklaringa at køyretøy har søla olje i vegbana. Dette, i kombinasjon med sommartemperatur og nedbør, gjer at vegbana til tider er ekstremt glatt.

Ifølgje vegvesenet ligg det eit slitedekke av såkalla skjelettasfalt i Halbrendslia, eit dekke som er mykje nytta landet over på vegar med tung trafikkbelastning. Dekket har stort innhald av steinmaterialar, og Statens vegvesen ser ikkje bort frå at poleringseffekten ved oljesøl kan vere større enn ved andre typar asfalt.

Frista til å fylle opp

No skal vegvesenet frese opp vegbana også i dei to nedste svingane, blant anna svingen der Elin Ordemann sin bil kjørte ut i august i fjor. Ordemann meiner vegvesenet er ansvarleg for uhellet fordi dei ikkje skilta godt nok, og ventar dom i saka i slutten av september.

— Det har vore uhell i desse svingane også dei siste vekene, og det er klart at det var diesel- eller oljesøl i vegen, seier Ylvisaker.

Tiltaka med å frese opp vegdekket vil ikkje vere særleg effektivt mot oljesøl, men kan til ein viss grad betre veggrepet ved vanskelege forhold. Men også andre ting enn oljesøl kan vere medverkande. Så trafikantane må framleis syne stor merksemd overfor dei spesielle problema på denne strekninga, understrekar Vegvesenet i ei pressemelding denne veka.

Viktigast er at trafikantane passar på slik at dei ikkje søler olje. Vegvesenet har registrert både motorolje, hydraulikkolje og ikkje minst dieselsøl i svingane. Ylvisaker peikar på at drivstoffet har vore rimeleg i Førde-området i lang tid no. Literprisar under 7,50 er ikkje uvanleg, og kan medføre at tungtransporten stadig blir frista til å fylle heilt opp før dei kjører vidare opp Halbrendslia.