TERJE ULVEDAL Terje.ulvedal@bt.no

I dag presenterer fiskeriminister Otto Gregussen hovudprinsippa for tildeling av dei alt mykje omtalte nye konsesjonane innan oppdrett. Etter det Bergens Tidende kjenner til vert langt færre konsesjonar lyst ut til hausten enn kva oppdrettsnæringa har håpa på. Medan næringa forventa mellom 50 og 100 nye konsesjonar i denne runden, kjem Fiskeridepartementet no til å lyse ut færre.

Ulik pris Det mest omstridde punktet i tildelinga av dei nye konsesjonane, vert likevel prisspørsmålet. Fiskeriminister Otto Gregussen har for lengst innsett at utspelet hans om å auksjonere bort konsesjonane til høgstbydande, ikkje var nokon god idi.

I staden kjem det på bordet eit framlegg som vestlandsoppdrettarane oppfattar like kontroversielt. Betalinga for ein konsesjon skal nemleg differensierast ut frå geografiske forhold. Argumentet er at det vil vere naturleg å betale mindre for ein oppdrettskonsesjon som ligg usentralt, fordi driftskostnadene vert dyrare. Ein konsesjon langt mot nord må prisast lågare, fordi det tek lengre tid å ftre fram slakteferdig fisk.

Ventar på villaksvern I praksis inneber dette at det vil verte billegare å kjøpe konsesjon i Finnmark enn på Vestlandet. Departementet vurderer også ulik pris frå kjøpar til kjøpar.

Ei stor og sterk bedrift må betale meir enn ein søkjar med lite kapital i ryggen.Den geografiske fordelinga av dei nye konsesjonane er ikkje klar. Departementet vil vente på kva utfall framlegget om å frede ei rekkje store norske lakseelvar vil få. Verna sjøområde i tilknytning til viktige vassdrag for villaksen, vil automatisk avgrense nyetableringar innan havbruk.

Subsidiering Departementet vil også tilgodesjå næringssvake område, noko Vestlandet neppe kan karakteriserast som i havbrukssamanheng. Alt i alt verkar det klart at svært få av dei nye konsesjonane i årets runde vil hamne på Vestlandet.

Framlegget vert møtt med vantru mellom vestlandske oppdrettarar. Fleire sentrale aktørar i landsdelen som utgjer sjølve tyngdepunktet i ei av landets viktigaste eksportnæringar, seier rett ut at dette i realiteten ikkje er noko anna enn å subsidiere oppdrettsnæringa i Nord-Norge. I praksis vil det vere å flytte oppdrettsaktivitet frå vest til nord.

Nord-sør konflikt Oppdrettarane fryktar at framlegget kan utløyse strid sør-nord i oppdrettsnæringa. Altså etter same grenselinjer som den evigvarande kampen innanfor tradisjonelt fiskeri. Fleire peikar også på at innføringa av ftrkvotar i praksis var med på å overføre aktivitet frå Sør-Norge til nord. Departementet vil også ha kvinnene sterkare inn i næringa. Under nokolunde like vilkår, skal kvinnelege søkjarar gå føre menn.