Byrådsleiar i Åsane, Arvid Blommedal, har teke initiativet til skulemålsrøysting i dei to krinsane Hordvik og Kyrkjekrinsen, og med støtte frå Frp og Høgre bestemt at røystinga skal haldast neste måndag 16. juni om kvelden. Bakgrunnen er at det i skuleåret 2002/03 ikkje melde seg nok elevar til nynorskklassen ved Kyrkjekrinsen, og komande skuleår 2003/04 skjer det same på Hordvik. Lova seier då at alle elevane ved årstrinnet må ha nynorsk, noko som naturleg nok har skapt misnøye hos dei bokmålsforeldra dette gjeld. Men når bydelsleiaren skal understreka kor udemokratisk dette er, grip han til det billege knepet å blanda saman dei to årsklassane, endå dei høyrer til ulike år, for å få det til å sjå ekstra ille ut (11 nynorsk mot 59 bokmål). For å få sett spørsmålet i rette perspektiv, er det difor på sin plass å opplysa at det samla talet på elevar er 88 nynorsk og 162 bokmål i Kyrkjekrinsen (reelle tal) og om lag 100 nynorsk og 150 bokmål i Hordvik. Kva som har gjort at det nett no er så skeivt forhold mellom dei to målføra, er ikkje godt å vita, men det treng ikkje berre ha med språk å gjera. Frå tidlegare skulemålsrøystingar i Arna og Fana har vi sett at sosialt press kan vera ei minst like viktig årsak til språkval som dei reint språklege og pedagogiske grunnane, som ofte talar for nynorsk. Men like viktig er det å hugsa på at skulemålet er ein viktig del av lokal kultur og identitet, og dette gjeld i høg grad nordre delen av Åsane. Difor har Stortinget bestemt at alle over 18 år har røysterett, og dei bør difor nytta seg av denne retten.

ODDVAR SKRE,

HORDALAND MÅLLAG