ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

I Voss heradsrett er mannen frifunnen for "etterpå-rus" trass i at han burde vita at det kunne bli politisak av køyringa. Imidlertid vart han dømt for å ha rusa seg på andre medikament før bilturen tok til.

For den som rusar seg med alkohol rett etter eit køyreuhell er lova krystallklar. Ein drope er i prinsippet nok til å bli domfelt. Elles ville alle kunne sleppa unna ein promilledom ved å drikka i etterkant og så rimeleg tvil om blodprøveresultatet.

Prinsipielt skal same reglar gjelda også for andre rusmidlar. Retten meiner likevel at eitkvart straffebod må tolkast med fornuft. Er pillebruken grunngjeve med eit rimeleg fornuftig, akutt medisinsk formål, bør han ikkje straffast.

Mannen har i mange år vore sterkt plaga med hovudverk, og har med hell, og i samråd med lege, brukt nettopp desse medikamenta, til dels i store dosar. Under ein viss tvil har retten difor frifunne han for dette tiltalepunktet.

Men retten fann mannen skuldig bilkøyring i medikament-rus. Han har ikkje på truverdig vis gjort greie for korleis han har fått i seg alle dei stoffa som blod— og urinprøver avslørte etter køyreuhellet. Retten kom til at han var rusa på medikament under køyreturen før uhellet, og at han hadde fått i seg stoffa forsettleg eller i det minste aktlaust.

Difor vart han dømt til 24 dagar fengsel på vilkår med to års prøvetid, og han må betala 5.000 kroner i bot. At bota ikkje vart dobbelt så høg, skuldast den håplause økonomisk situasjonen han no er komen i..