PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bt.no

– På ein eller annan måte har det tatt fyr i bagasjerommet på ein Mercedes personbil på veg i retning Høyanger, fortel lens-mannsbetjent Frode Otterskred. – Det var tre personar i bilen, og dei greidde å stoppe å kom-me seg ut i tide. Men brennande deler har falle av bilen inne i tunnelen, slik at det var ein del røykutvikling.

Brannen førte til full utrykning frå politi og brannvern, og ve-gen var stengt i rundt tre kvarter søndag kveld.

– Vi har såvidt snakka med bil-føraren, men han hadde inga forklaring på korleis brannen har oppstått, seier Otterskred.

Mercedes’en er i følgje politiet totalt utbrent.