Dei tilsette har gode kunnskapar og ein merkar at dei verkeleg lyttar og forstår. I trygge omgjevnader får ein kyndig hjelp til å arbeide med vonde overgrep og følgjene av dei, kjenne på den veldige smerta og litt etter litt gjera den mindre, bryta med negative mønster ein er prega inn i og få kontroll over eige liv.

SMIH har styrka mi kjensle av menneskeverd og gitt meg inspirasjon til å snu eit liv med mykje smerte, fornedring, audmjuking og krenking mot eit verdig og godt liv med eit heilt kjensleliv og høve til å ta i bruk dei evner og ressursar eg eigentleg har.

Mi von er at alle som er komne dit at ein kan ta det store og viktige steget å verta brukar av SMIH, skal få moglegheit til det, og at me som er brukarar skal kunna nytta senteret slik som i dag.

Fylkesrådmannen sitt forslag om å fjerna støtta til SMIH, og dermed også den statlege støtta som tilsvarer den fylkeskommunale, vil halvera drifta.

Eg oppmodar alle fylkestingsrepresentantar om å ta ansvar og oppretthalda og auke støtta slik at det unike tilbodet kan halde ved og møta den store pågangen.

ERLEND EIDE, BRUKAR AV SMIH BERGEN