Vel, ikkje det at eg likar Lånekassen noko særleg, altså, men ikkje unnar eg bankane å sko seg på oss med høge studielån.

Det har allreie blitt gjort ein del utgreiingar med tanke på å effektivisere Lånekassen, ja. Eksempelvis Aamodt-utvalet, som etter mitt syn vart ei heller tam lefse, særleg fordi Lånekassen sitt ve og vel liksom overskygga ei nødvendig fokus på studentane sine levekår. Avisfolka borti Krinkelkroken må vere naive hvis dei trur «synergieffekten» av meir bankbasert Lånekasse-drift vil komme kundane til gode. Har ikkje dei velfødde bankane rasjonalisert seg i årevis, og det for harde livet? Utan at akkurat dette har skapt noko særleg gunstigare rente— og gebyrnivå. Dess meir bankane tener, dess meir flår dei oss bankkundar, ikkje sant?

Politikarane bak Lånekasse-utgreiinga har muligens som intensjonsjon at dette liksom ikkje skal ende opp med full privatisering og greier.

Men det har no seg slik at det er Carl I. Hagen som framover kjem til å RULE norsk politikk, så dermed blir vel saka avgjort av humøret hans...

HALLGEIR LØLAND TORPE, NORDNES