Både politikaren og biskopen Gunnar Stålsett veit så inderleg vel at den naturlege skepsis og dei spørsmål som fins til den omfattande endring av det norske samfunn som har skjedd over svært kort tid, absolutt ingenting har med reell rasisme å gjera.

Det ville vore unaturleg om ingen spørsmål vart stilt. Men Stålsett og hans like har satt sperre for all naturleg debatt og satt sitt rasisme-stempel på alle spørsmål. Det skrivne ord om at den som ikkje vil, han skal, er nok ikkje heilt ukjent for biskopen. Den frykt som Stålsett og hans like no legg i folket, er langt meir dominerande enn ei «eventuell fremmedfrykt», og minner oss om den frykt som Stålsetts politiske partifelle Vidkun Quisling og hans like la over folket i 1940, nemleg frykten for å sei eit ubetenksomt ord i eit okkupert Norge. No spreier den same frykta seg med det nye valgspråket «Norge for alle».

REIDAR GJERSTAD, FOTLANDSVÅG