ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no

Mannen nekta straffeskuld, og hevda at påstandane mot han er oppdikta på grunn av dårlege tilhøve mellom han og foreldra til borna.

Heradsretten fann det likevel prova utover all rimeleg tvil at mannen har gjort seg skuldig etter tiltalen.

Han vart også dømt til å betala 50.000 kroner i erstatning til kvar av dei forulempa jentene.

Tilhøva skal ha pågått over mange år. To av jentene vart forulempa før dei var ti år gamle.

Ei svigerinne av mannen fortalde at ho på femtitalet hadde opplevd tilsvarande tilnærmingar frå han, rett etter at han vart gift med søstera hennar. Ho sa ikkje frå til nokon, og har no ei skuldkjensle. Hadde familien visst om det, kunne ungane ha unngått dei trasige hendingane.