Fylkesrådmannen hadde innstilt på å leggja ned noverande rute til Os, og erstatte denne med ei ny rute mellom Rosendal og Flesland/Bergen. Dette har skapt sterke reaksjonar blant pendlarar og andre reisande, som er godt nøgde med dagens rute til Os. Ruteframlegget frå fylkesrådmannen råkar også mange småstader i Sunnhordland, då dei ikkje lenger får stopp langs ruta. Billettprisen Kvinnherad-Flesland/Bergen vert også 100 kr dyrare pr. tur, samstundes som reisetida frå Kvinnherad til Bergen vert lenger enn samla reisetid med båt og buss via Os! Samstundes krev den nye ruta ei dobling i passasjertalet frå 15.000 til 30.000 pr. år for å gå i økonomisk balanse. Om dette er realistisk, er svært usikkert. Hordaland fylkeskommune kan raskt gå på ein ny økonomisk smell.

Det er difor med undring vi registrerer at eit fleirtal på åtte representantar i komité for miljø og samferdsel, beståande av Ap, Høgre og éin representant frå Sp, går inn for fylkesrådmannens framlegg.

På vegner av Frp fremja underteikna forslag om at dagens rute mellom Os og Sunnhordland vert oppretthaldt, med ei mindre justering om også å etablera stoppestad i Rosendal. Dette framlegget vart støtta av 7 representantar (3 Frp, 2 KrF, 1 SV, 1 Sp). Slaget vart soleis i første omgang tapt med minst mogeleg margin, 8 mot 7 stemmer!

Har Hordaland fylkeskommune råd til å gå på ein økonomisk smell i denne saka? Skal ein leggja ned ei velfungerande rute, for deretter å oppretta ei ny rute det er knytt stor risiko til? Dette dreier seg også om kvardagen til mange tusen fastbuande i Sunnhordland. Pendlarar, både arbeidsfolk og skuleungdommar, vil få eit dyrare og dårlegare tilbod. Ynskjer verkeleg Høgre og Arbeiderpartiet ei slik omlegging? Kvifor ikkje satsa på noverande rute frå Os som ifølgje dei reisande frå Kvinnherad ganske enkelt er best og billegast?

Av Terje Søviknes og Gustav Bahus (Frp)

medlemmer i komité for miljø og samferdsel

Hordaland fylkeskommune