«Uheldig», meiner leiar for Forskerforbundet, Kolbjørn Hagen. Rektor Arild Underdal ved Universitetet i Oslo kallar mannsdominansen for «påfallande skeiv».

— For lite bevisst

Dei 13 leiarane for storsatsinga Senter for framifrå forsking (SFF) er alle menn. Med tittelen følgjer både prestisje og pengar, i alt 140 forskingsmillionar årleg i ti år framover. Satsinga har som mål å få norsk forsking opp i den internasjonale toppklassen. Tre av sentra ligg i Bergen.

— Det er uheldig at alle leiarane er menn. Men det verkar som om saksbehandlinga her har vore både skikkeleg og grundig, seier Kolbjørn Hagen, leiar i Forskerforbundet.

Han trur den skeive fordelinga blant anna kan skuldast for lite bevisst rekruttering av kvinner over mange år.

— Norge har i dag ein stor overvekt av mannlege professorar i seniorposisjon, seier Hagen.

Mykje er gjort

Ein rapport frå Norges forskningsråd tidlegare i år viser at stadig fleire kvinner tek doktorgrad. Rundt 1990 var delen kvinner rundt 20 prosent, dei siste åra har denne auka til 35 prosent. Men på toppen, på professornivå, er det berre 12 prosent kvinner.

— No blir det gjort mykje for å rekruttere kvinner, blant anna med øyremerking av stillingar. Men det er klart det vil ta lang tid å gjere fordelinga mellom kvinner og menn på toppen mindre skeiv, seier Hagen.

- Nettverk viktig

Rektor Arild Underdal ved Universitetet i Oslo meiner mannsdominansen blant leiarane ved Sentra for framifrå forsking er påfallande skeiv. Han seier til universitetsavisa Universitas i Oslo at dette ikkje berre kan forklarast med manglande vilje hos kvinnene til å satse på forsking.

— Nettverket ein opparbeider seg som ung forskar er viktig for karrieren vidare. Men det er kvaliteten på forskinga som skal vere det viktigaste, seier Hagen.