EINAR FØRDE

Det er ikkje det at eg har møtt fram kvart år til opninga av Bergen International Festival som det nå heiter. Men i fråvær har eg visst at eg kunne ha vore der. Det er heile skilnaden.

I dei åra eg var der, fekk eg med meg forvitnelege og varige minne. Som alle veit, er Bergen min favorittby. På festspelopninga kjem ein også bergensarane nærare. Eg vil ikkje gå så langt som å seie at eg likar alle dei òg. Der er for mange karfolk i bunad etter min smak. Men forvitnelege er dei. I år blir det nok ekstra mykje å undre seg over når meir enn tusen lokale musikantar skal urframføre noko heile tida. Der skulle ein ha vore.

Minnene frå festspelopningane kan samanliknast med dei første besøka i verdas beste dyrehagar. Først trur du at det er det sjeldne og eksotiske som gir dei største opplevingane. Men pandaen er alltid ein nedtur både i aust og vest. Dei heng som regel i indolens eller djup svevn oppunder taket. Det mest spanande er alltid dyr du trur du kjenner eller har sett før og alt det uventa og utrulege dei kan finne på.

Som no førre året då festspelsjefen Bergljòt Jònsdòttir prøvde å gjennomføre ein opningsseremoni utan avsynging av ei vise dei kallar «Nystemten». Eg sympatiserte sterkt med ideen og vart derfor sittande då forsamlinga spontant reiste seg og song med stort alvor og patriotisk sinnelag. For å låne ei vending gamle Samuel Johnson brukte om noko anna: Det var som å sjå ein hund danse på to. Det var ikkje vakkert, men ein blir litt forundra over at det i det heile kan skje.

Den bergenske nasjonalsongen «Udsigter fra Ulrikken» er som vi veit skriven av ein prest som står på eit fjell og spelar eit strengeinstrument. I første verset er det ei vending om noko heimevern. Den bergenske militærhistoria er for så vidt interessant. Det byrja som kjent med at dei var på gal side -med separatistane — ved slaget i Hafrsfjord. Vi frå sygnafylket var med Kongen. Men bortsett frå det med Heimevernet, er resten av songen litt haltande vers om utsikta over Bergenshalvøya. Nå er ikkje dette all verda av utsikt for oss som er vane med litt meir til fjell og mykje meir til natur.

Kvifor kan dei ikkje synge «Mellom bakkar og berg» som andre vestlendingar? Det er fem vers som einfelt og genialt fortel meir om det å vere nordmann enn bindsterke utgreiingar. Det er noko så storarta som ein gripande nasjonalsong heilt utan nasjonal patos og patriotisk kling-klang. Men det er det siste bergensarane vil ha. Derfor likar dei å synge «Ja vi elsker» og altså denne visa av ein prest som elles er kjend for å ha skrive «For Norge, kjempers fødeland».

Miseren ved Hafrsfjord er truleg årsaka til at bergensarane seinare har streva så hardt for å bli noregsmeistrar i kongetruskap. Aldri kjem dette sterkare til uttrykk enn under festspela. Det bergenske kongefjesket er heilt eventyrleg, og så vidt som eg kan sjå heilt i verdsklasse. Britane var nok også gode, men der har det dabba litt av dei seinaste åra. Bergen held koken. Frå eg var liten har eg undra meg over det bergenske kongefjesket. Eg kjem frå eit fylke der vi bortsett frå Gloppen og nokre andre små høgreavvik har fått skilda vårt tilhøve til kongehuset gjennom vandrehistoria om sognabonden som seier til kronprinsen: Her seier me ikkje De til nokon utanom til deg og far din. Då blir det noko til kontrast å høyre ein bergensk borgarmeistar. Aldri er kongefjeskarane i betre form enn under festspelopninga.

Borgarmeistrane har heitt Michelsen, Hansen, Eilertsen eller Olsen. Som T.S. Elliot ville sagt det: «All of them sensible everyday names.» Men i høgstemt retorikk om kongen og hans moralske og menneskelege eigenskapar liknar dei på stilen frå slutten av dansketida. Lenge trudde eg dette ligg i dei bergenske gena. Men Olsen kom då frå Vardø og han vart ein av dei verste eller dei beste alt ettersom korleis ein ser det. Det var særleg høgstemt under gamlekongen. Olav må ha undra seg over om han fortente alle desse genierklæringane berre fordi han hadde gjort det til ein god vane å sjå etter hytta si på Vestlandet ved pinsetider kvart år.

Han Ljonesen fekk det forresten ikkje heilt til. Han sa nok dei rette orda, men han er for mykje vestlending til at det vart heilt ekte. Vi kunne høyre at «han gjere seg te» som det heiter på våre kantar. Det vil gå fram av samanhengen her at eg ikkje kjem til å bruke det mot Ljonesen. For mykje kongetruskap og patriotisk sinnelag kan føre aldeles gale av stad. Det er t.d. slik retorikk som held liv i vår samtids mest idiotiske territorielle krangel, den britisk-spanske striden om Gibraltar.

Her om dagen las eg ein kronikk i Dagbladet om å ribbe kongen for grunnlovsvernet i forhold til straffelova. Overalt ser eg freistnader på å straumlinjeforme og modernisere monarkiet. Venene av denne institusjonen synest å meine at dersom den skal kunne bevarast, må den følgje med tida. Eg må berre minne om at ein av dei beste måtane å avskaffe noko på, er ustanseleg å forsikre om vilje til å bevare det. Eg er også skeptisk til kongehusets stadig sterkare ambisjonar om å tale på vegner av heile samfunnet. Det har kyrkja og NRK etter kvart måtte gi opp. Eg er redd monarkiet også kjem til å brekke nakken på det. Det er vanskeleg å modernisere noko som i sin natur er umoderne eller gjere noko rasjonelt som i sitt vesen er irrasjonelt. For monarkiet må det då vere god trøyst å vite at det finst noko som heiter Bergen og festspelopningar. Der vil kjenslene alltid vinne over rasjonaliteten.

Det blir nok ikkje Håkonshallen eller Grieghallen på meg i år. Men elles kjem eg som alltid til å nytte kvart einaste høve til å få meg ein bergenstur. Sist eg var i by'n møtte eg Helge Jordal på Torgallmenningen. Han sa forsyne meg: Velkommen til byen. Det er svært hyggeleg for ein som opp gjennom åra på den same staden stort sett har fått informasjon om kvar Sognebaoten ligg og mindre vennlege oppmodingar om å komme meg om bord så snøgt som mogleg. Klimaet har betra seg. Det gjer det mogleg for meg å halde fram med utrøytteleg forsking om bergensk folkekarakter. Resultata vil bli publisert etter kvart. Vi har mykje å ta att vi kjenslevare småbønder frå Nordre Bergenhus.

TEIKNING: MARVIN HALLERAKER