Både fylkesordførar Gisle Handeland i Hordaland og byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen i Bergen går i forsvar, og samferdselsminister Torild Skogsholm forsikrar at nedlegging blir ikkje aktuelt. Er så saka ute av verda?

Neppe. Asfalthegemoniet i norsk politikk har både tradisjon og tyngde. Det har ført oss ut av toget og inn i bilen. Privatbilen, ikkje bussen. Vi reiser dobbelt så mykje som i 1970, men berre halvparten så mykje kollektivt. Godstransporten på veg har eksplodert sidan 1995. Og utsleppa veks. I 1999 kom 34 prosent av dei nasjonale CO2-utsleppa frå transport. Med unnatak for petroleumsverksemda er det klimagassutsleppa frå trafikken som har auka mest, 23 prosent opp frå 1990 til 1999. Noreg er det landet som etter 1990 har fjerna seg mest frå Kyoto-krava.

Dette er eit resultat av politiske handlingar. Forslaga i Nasjonal Transportplan om å redusere løyvingane til store vegar skapte ramaskrik og mobilisering over heile landet. Stortinget kan neglisjere mange distriktskrav, men tek du vegdraumen frå ein distriktspolitikar, tek du livsmotet med det same. Når Hordalandspolitikarane vil ha ny bru over Hardangerfjorden og vinterveg over Vidda, leverer gode grunnar for at Bergensbana vert til overs og utsleppa veks. Når Senterpartiet i Sogn og Fjordane mobiliserer mot jarnbaneinvesteringar for å få meir pengar til vegar, er det ei konkret handling for eit verre klima.

Det er nok lettast å redusere utsleppa frå bytrafikken. Men også i distrikta må utsleppa av klimagassar frå transportsektoren ned. Noreg kan ikkje stille seg opp som ein rik bajas på utsida av klimadebatten. Mange av klimakonfliktane ligg nettopp i distrikta, utanfor dei store byane, med industri og transport som har for store utslepp. Frå distrikta kjem i tillegg krava om meir vegar, meir oljeaktivitet, gasskraftverk og billeg transport. Spørsmålet som distriktspolitikarane må ta standpunkt til er dette: Kva for andre sektorar eller verksemder skal redusere utsleppa dersom veksten frå trafikken skal halde fram? Summen av alt blir for stor.

Toget har sine motstandarar som meiner det kostar for mykje og utfører for lite. Dette er sikkert tilfelle, men tilstandane i andre land tyder på at dette er mogeleg å gjere noko med. Men det krev ein annan vilje enn lyst på meir asfalt. Etter alle statistikkar er tog den mest klimavenlege transporten for personar og gods, for gods i lag med skip. Dette tilseier å utnytte og satse meir på dei togstrekningane vi har, både intercity-banene og dei få lengre strekningane. Det vil også gje meir klimarom for biltransport der tog manglar.

Eit tiltak som dreg i same retningen er å få ned privatbilismen i våre mange byar og tettstader. BT hadde nyleg ein reportasje frå den belgiske byen Hasselt, som gjorde bussane gratis i 1997 og som etter det har 12-dobla busstrafikken. Det som skulle til var berre politisk vilje til å gjere noko anna.

Av Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund