— Dei sikra seg 1200 ostar.

Det er meierisjefen i Vik, John Inge Sørland, som fortel om bergenssuksessen.

— Pågangen var så stor at bakeriet som laga grovt brød til gamalosten måtte ta ein ekstra tørn natt til sist fredag, for å sikre nok brød til gamalosten i Bergen fortel Sørland til avisa Firda.

— Det gikk unna i lange baner med osten, seier han.

Staten med SND-midlar har gått inn i marknadsføringa av osten. Og med sponsing frå Vik Sparebank kan Gamalsostens Venner og produsenten Vik meieri no farte rundt med dette spesielle tilbodet.

Neste ut blir vossingane som får sjansen til å hamstre gamalost på Smalahovefesten i byrjinga av oktober. Så går turen til sogningane, som vil finne denne spesielle osten på salsboder på hautsmarknaden 11. og 12. oktober smiler ein glad meierisjef.

Han kan førebels fastslå at det gikk like bra i Bergen som under introduksjonen av vara som potensost, i Tyskland.