EYSTEIN RØSSUMTysse

— Kva eg tenkte då eg fall uti? Nei, eg tenkte vel at "no druknar eg visst". Men så flaut eg no opp att likevel, seier Hanevik nøkternt.

Han held framleis eit godt tak rundt plata som han klamra seg til dei dramatiske minutta ute på Samnangerfjorden ved Tysse. Ho berga truleg livet hans.

To-tre grader Det var den vakre vårsola som vart for freistande i går føremiddag. Hanevik måtte ta seg ein tur med den 14 fots båten sin.

— Så skulle eg frese på litt og ta ein rask sving. Best som det var, ftr eg uti. Det var rett der ute, seier 52-åringen, og peikar midtfjords.

— Eg veit ikkje kva som hende. Kanskje var det ei bølgje som kom. Eg heldt full fart, veit du.

Hanevik er framleis blodig på eine armen. I hovudet verkjer ein solid kul, og sida er heller ikkje god. Båten køyrde over han minst to gonger før han kom seg unna.

— Han raste rundt i ring på full speed. Det var flaks at ikkje propellen tok meg. Det hadde ikkje gått bra, seier Hanevik.

Temperaturen i vatnet var neppe meir enn to-tre grader. Tidleg i går låg det ei tynn ishinne fleire stader på fjorden.

— Det var kaldt, ja, seier Hanevik.

Han greidde å unngå panikken, og la på svøm mot land, ei strekning på fleire hundre meter. Det gjekk smått.

— Etter kvart fekk eg tak i plata som eg hadde med til å sitje på i båten. På ein eller annan måte må ho ha falle uti saman med meg, seier Hanevik.

Born såg båten Og hellet tok ikkje slutt der. Langs vegen kom Anette Fransson køyrande i bil med den snart to år gamle sonen sin.

— Plutseleg sa Simen: "Sjå mamma, der er det ein båt". "Ja, der er det ein båt", sa eg. Og akkurat som vi såg på båten, gjorde han ein krapp sving slik at han stoppa heilt opp. I neste sekund stupte føraren i sjøen. "Herregud, han druknar jo," var det første eg tenkte, seier Fransson.

Ho hadde ikkje telefon med, men fekk stoppa ein bil som tilkalla hjelp. Deretter prøvde ho å rope til Hanevik som kjempa seg inn mot land. - "Få tak i ein båt!" ropte han, fortel Fransson.

Krampa like unna Og hjelpa kom, i form av Jan Ove Haga og Per-Arne Totland. Haga arbeidde like ved då han fekk vite om ulykka, og visste at Totland hadde båten liggande ute. Saman kom dei først fram til den kjempande Hanevik, som hadde minst hundre meter att til land.

— Vi såg jo at gubben fraus. Han var blå i andletet, og det var ikkje så mykje snakk i han, seier Haga, som fekk dratt Hanevik or sjøen.

— Det var flott dei kom. Eg veit ikkje om eg hadde greidd å koma meg i land på eiga hand. Det spørs vel det, krampa var ikkje så langt unna, seier Hanevik.

Etter ein halvtime i dusjen og eit par konjakkar hadde han fått att det meste av varmen i går ettermiddag.

— Eg får vera glad som kom opp att i live. Det blir i alle fall ikkje nokon ny tur på sjøen i dag, seier 52-åringen.