• Det var verst for dei som leita, seier Rolf Grimeland (73). Mandag blei han berga etter ei kald natt på ei øde øy.

LARS MÆLAND lars.maeland@bt.noMoster

Hås i stemma, men elles i forbausande god form etter ei våt og kald natt på ei øde øy, med nokre furugreiner som teppe og appelsinskal og myrvatn som einaste føde.

— Tyngste stunda var då mørket kom søndag kveld, og eg var så sliten at eg berre måtte slå meg til for natta. Då kom tankane for fullt på dei som leita etter meg, det var verst for dei. Eg såg også svart på det måndag morgon, då redningshelikopteret passerte meg andre gongen utan å oppdaga meg, same kor mykje eg vinka, seier Rolf Grimeland.

På villspor 73-åringen frå Sunnfjord, busett i Bergen, fekk ein heilt annan start på påskeferien på Bømlo enn han hadde tenkt seg. Kvart over elleve søndag gjekk han på tur frå hytta på Totland, først 22 timar seinare var han tilbake til utgangspunktet.

— Det er toskeskap veit du, men eg kom fullstendig på villspor og rota meg vekk både frå turfølgje og kor eg var i lendet. Det enda med at eg vassa meg over det grunne sundet ut til Rutsøy, der eg måtte overnatta, seier Grimeland.

Våt til livet etter spaserturen ut til den folketomme øya på sørvestsida av Moster, prøvde han å tøma støvlar, tørka klær og førebu seg på ei natt ute.

— Eg rigga meg til best eg kunne, og fekk vel ein halvtimes søvn i ly av eit furutre, seier Grimeland.

Stor leiteaksjon I mens leita kring hundre personar etter 73-åringen, frå han blei meldt sakna søndag ettermiddag til han blei funnen i ni-tida måndag morgon. Både naboar, folk frå Røde Kors Hjelpekorps, Bømlo lensmannskontor og eit redningshelikopter deltok.

— Dei gjorde ein formidabel innsats, og fortener all den ros dei kan få. Det er godt å sjå at ting fungerer når det trengst, seier Thordis Landmark, ei av fire i turfølgjet.

— Eg var redd Rolf hadde fått eit illebefinnande, og frykta etter som tida gjekk at eg aldri meir ville få sjå han i live, seier ho stille om vennen.

Lukkeleg kaffipause Redninga blei nokre Røde Kors-folk som hadde tatt kaffipause frå søket langs strandlina, og hadde stoppa motoren i båten dei leita frå.

— Straks etter at helikopteret forsvann andre gongen, og alt såg som mørkast ut, oppdaga eg nokre raudkledde på andre sida av sundet. Det var lang avstand, men eg ropte det eg kunne. Og det var folk som høyrde godt, for dei gav straks respons. Dei fekk starta båten og var snare med å henta meg, seier Rolf Grimeland.

LUKKELEG SLUTT: Rolf Grimeland (73) fekk ei tøff natt ute, men var i god form då han blei funnen i nitida måndag morgon. Turkamerat Kine Eriksen var glad for det. (FOTO: LARS MÆLAND)