LARS MÆLAND lars.maeland@bergens-tidende.no Etne

Det er ei ti kilometer lang strekning mellom Vågsneset og Teigen i Åkrafjorden som står i fare for å mista straumen. Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) har søkt om fritak frå levering av straum til dette området, noko dei har fått delvis medhald i hos Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE).

– Dei 13 grunneigarane sitt krav no er at lina på fem kilometer mellom Teigen og Kvandal vert opprethhalden. Dette vil me argumentera sterkt for når me møter energiminister Olav Akselsen tirsdag, seier Harald Eintveit, talsmann for grunneigarane.

To tilflytta Inntil nyleg var det ingen fastbuande på gardane som står i fare for å mista straumen, men no har to studentar meldt flytting til Etne kommune der dei mellombels har slått seg til på Eintveit.

I kor stor grad dette styrkjer grunneigarane si sak er vanskeleg å spå, men det vil i alle fall bli argumentert for at dette bør gi garantiar for straumleveransar også i framtida.

– Det er ulike planar for å ta i bruk dette området, der det blir vurdert å skapa ny næringsverksemd. Dersom det lokale kraftlaget får fritak for levering av straum, blir det uråd å gjennomføra desse. Det gjeld mellom anna etablering av eit sagbruk, seier Harald Eintveit.

Leveringsplikt Han viser til at Stortinget tidlegare har bede regjeringa leggja til grunn at det ikkje skal gjevast dispensasjon frå leveringsplikta for straum til område med fast busetnad eller næringsverksemd.

– Me går til møtet med statsråden i den tru at politikarane vil følgja opp sine målsetjingar på dette området, og treng den handsrekninga frå storsamfunnet det vil vera å framleis garantera oss straum. Det må til skal me få til ei konstruktiv utvikling av nordsida av Åkrafjorden, slik det er konkrete planar om, understrekar Eintveit.

Lite realistisk Han meiner det er lite realistisk å gå inn for løysingar med bruk av til dømes dieselaggregat for å skaffa straum.

– Ei slik løysing vil minimalisera muligheten for å driva gardane, og gjera det uaktuelt å satsa på til dømes eit sagbruk. Me vil difor be statsråden sjå framover, og bidra til ei løysing som kan sikra ei fornuftig bruk av dette området også i tida som kjem. Difor krev me at Skånevik Ølen Kraftlag får leveringsplikt for straum for det fem kilometer lange området Teigen – Kvandal i Åkrafjorden, eventuelt med ei utvida tilskotsramme til SØK, seier Harald Eintveit.