Både i Oslo og Bergen er det ønskje om å prøve ut eit slik rom, der heroinistar kan setje sprøytene sine under oppsyn av helsepersonell. Rommet er tenkt knytt til eit hus der narkomane kan få helsestell, opplæring og arbeid. Både Nederland, Tyskland og Sveits har gode erfaringar med slike rom i kampen mot overdosedødsfall.Men dei tre landa har fått kritikk frå INCB, som skal kontrollere at dei internasjonale narkokonvensjonane blir følgde. INCB meiner slik kontrollert misbruk luktar for mykje av legalisering. Samtidig meiner fleire jusekspertar at konvensjonane faktisk opnar for utprøving av sprøyterom. — Eg kjem til å ta saka opp med INCB for å høyre om dei kan tillate utprøving av eit slik rom her i Noreg, seier sosialminister Guri Ingebrigtsen. Ho er ikkje villig til å trasse FN-organet, slik andre land har gjort. - For meg er det viktig at vi er truverdige i oppfølginga av internasjonale konvensjonar. Samtidig har Noreg veldig høge overdosetal, seier Ingebrigtsen.- Og dersom truverdet internasjonalt blir sett opp mot å berge liv her heime?- Å støtte oppunder det internasjonale samarbeidet på narkotika-feltet er også å berge liv. Dersom dette arbeidet flyt heilt ut internasjonalt og alle går i kvar sin retning, då får vi veldig mykje meir å slite med her i Noreg, seier Ingebrigtsen.