TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.no— Ei utbygging av vindmølleparken på Stadlandet vil bli ei så kontroversiell sak at heile debatten om nye fornybare energikjelder kan komme inn i feil spor. Det som skal vere positive energikjelder, kan komme til å bli sette i vanry, seier generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Kristen Grieg Bjerke, til Bergens Tidende. Klosteret på Selja Kristen Grieg Bjerke samanliknar Stadlandet med Nordkapp.- Stad er eitt av dei område som har størst symbolverdi langs kysten. Ein kraftverk med 70 meter høge vindmøller vil dominere og gripe inn i det høgst verdfulle kulturlandskapet rundt Selje klosterHan strekar under at foreininga ikkje er motstandar av vindmøller.- Men vi kan ikkje finne oss i at prisen for å byggje ut vindkraft skal forringe nasjonalt viktige kulturmiljø. Styremaktene burde kartlagt område for vindkraftutbygging. På same måte som det i si tid blei laga ein samla plan for vasskraftutbygging, burde vi fått ein tilsvarande plan for vindkraftverk, seier Grieg Bjerke. Naturvern Det var rett før jul at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gav Statkraft konsesjon til å byggje vindmølleparkar på Stadlandet, Smøla og Hitra. Planane på Stadlandet i Nordfjord og Smøla i Møre og Romsdal er desidert mest kontroversielle. Sjølv om fristen for å klage på den omstridde avgjerda er utsett til over neste helg, er det alt no klart at fleire organisasjonar rustar seg til kamp for å stoppe Statkraft. Norsk Ornitologisk Foreninga har vurdert å klage på begge.- Store vindmøller skal dekke toppen av eit ope landskap det ikkje finst maken til i Sør-Norge. Konsekvensane av eit slikt inngrep er altfor store, er den klare meldinga frå leiar Erik Solheim i Naturvernforbundet. - Korleis kan Naturvernforbundet seie nei til rein og fornybar energi? - Ser vi på desse to anlegga isolert, kan det kanskje sjå ut som eit paradoks. Men vi har akseptert fleire vindkraftanlegg, og meiner framleis at det kan byggjast vindmøller for å lage straum. Men av dei 25 vindmølleparkane som no er under planlegging i landet, er Stad ein av dei klart mest konfliktfylte. Og vi kan ikkje godta kva som helst av skadelege inngrep.