ARNE HOFSETHarne.hofseth@bergens-tidende.no

Stasjonsjef Leiv Hartly Andreassen kom i går heim att frå Belgia, men ynskte ikkje å kommentera detaljar i drøftingane han deltok i.

Dei tilsette vart orientert i går. Onsdag skal styret ha møte, og det kan kjapt bli generalforsamling sidan belgiske styremedlemer bør erstattast. Det er all grunn til å tru at drifta på Tvildemoen vil halda fram. Ei ny, svensk etablering er like om hjørnet.

Bergens Tidende har grunn til å tru at dei tre etablerte «sailportane» i Ieper (Belgia), Voss og Singapore vil prøva å utvida nettverket sjølve no som paraplyorganisasjonen SAIL Trust er borte. Dei vil kanskje skaffa seg ein ny pengesterk samarbeidspartnar.

Voss og Singapore vil heretter vera minst like sterke pådrivarar som Ieper.

SAIL står for Speech, artificial intelligence og language. Dei to grunnleggarane av språktenologiselskapet Lernout & Hauspie (L&H) skipa non profit-fondet SAIL Trust for å bygga opp eit nettverk av inkubatorsenter rundt om i verda. I desse «rugekassene» skal gründarar med forretningsidéar få hjelp til å koma i gang med forretningsdrift. Dei ville setta av 100 millionar dollar til drift av ti SAIL-portar i fem år. Men berre tre vart etablert før krisa råka L&H, og pengestraumen til SAIL Trust stogga opp. L&H er framleis medeigar (knapt 20 prosent) i Nordisk Språkteknologi AS på Voss.

Belgisk presse melde før jul at SAIL Trust var under avvikling og alle 40 tilsette hadde fått kollektiv oppseiing.

Andreassen stadfester overfor Bergens Tidende at SAIL Trust er avvikla. Men SAIL Port Western Europe (SPWE) er i drift med Pol Hauspie i førarsetet.