Ved 03-tida fekk politiet fekk tips om mannen som gjekk laus på fleire personar ved Alexandra Hotel. Mannen skal ha dytta ei kvinne slik at ho fall og slo seg til blods i hovudet. Han skal deretter ha vandra ned til nabohotellet Loenfjord og tatt strupetak på bartenderen, og så skalla han ned. Deretter skal mannen ha gått laus på ein eldre mann, før han sparka ein annan mann i magen. Då politiet kom, gjekk det ikkje stort betre. Ved pågripinga beit mannen ein polititenestemann, som seinare måtte få stivkrampesprøyte. Ein annan politimann vart sparka i ansiktet. Nordfjord-mannen kan, ikkje overraskande, vente seg eit solid oppgjer med påtalemakta.