Mannen mista ein bit av nasen, og har forklart at ein mann heilt utan vidare gjekk bort og beit han i nasen. Episoden fann stad i eit bustadfelt i Førde sentrum laurdag kveld. Politiet vurderte å krevje valdsmannen varetektsfengsla på grunn av fare for gjentaking, men let han få éin sjanse til.

Førde-mannen som beit er i 20-åra, og dømt for vald fleire gonger. I tillegg ventar han på tiltale for fleire valdssaker. Eg har aldri sett liknande. Han beit av delar av nasen, heilt inn til brusken, fortel førstebetjent Dag Øyen ved lensmannskontoret i Førde.