PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Dermed er det klart at straffesaka mot dei to Naustdals-mennene startar som planlagt for Indre Sogn heradsrett i Sogndal 13. mars.

Menneskerettskonvensjonen Tor Erling Staff representerer den eine tiltalte, og har hevda at klienten ikkje vil få ei rettferdig rettssak i lokalsamfunnet der dei straffbare forholda mot Arve Beheim Karlsen skjedde. Staff har hevda at den oppheta lokale mediedekninga kan påverke dommarane. I denne samanhengen har Staff vist til FNs menneskerettighetskonvensjon.

Tilliks med Indre Sogn heradsrett avviser no Gulating lagmannsrett kravet om flytting. Lagmannsretten meiner at praktiske omsyn som dei mange vitnene og tilgangen til synfaring på åstaden talar imot flytting.

Kritikk mot heradsrett Men argumenta frå Staff er heller ikkje i seg sjølv tunge nok til at saka bør flyttast, meiner Gulating, som konstaterer at saka gjeld alvorlege forhold med bakgrunn i ei svært tragisk hending som har vekt oppsikt både lokalt og på landsbasis.

Lagmannsretten er heller ikkje samd med heradsrettens merknader om at dei pårørande og bistandsadvokaten har brukt pressa til å skape ein oponion til fordel eller støtte for sitt arbeid.

– Det er vanskelig å se hva herredsretten mener når den viser til at det synes forsøkt skapt en opinion til støtte for bistandsadvokatens arbeide, skriver lagmannsretten.

Ikkje påverka Vidare tilføyer lagmannsretten at det ikkje er vist til noko konkret som bistandsadvokat Gunnar Solbraa skal ha uttalt som skulle kunne ha betydning for rettens vurdering i den kommande hovudforhandlinga.

Heller ikkje all omtalen av avdøde Arve Beheim Karlsen skulle tilseie flytting av saka, og lagmannsretten peikar på at mykje av omtalen har kome i landsdekkande media. Difor er det lite truleg at opinionen i nærområdet er meir påverka enn i resten av landet.

Lagmannsretten er såleis ikkje uroa for at lekdommarane vil vere utilbørleg påverka eller uskikka i denne saka, og fryktar heller ikkje at fagdommaren er forutinntatt.

FORSVARER: Advokat Tor Erling Staff fikk ikke medhold av Gulating lagmannsrett. (FOTO: ØYSTEIN TORHEIM)