TERJE ULVEDAL

Den siste av dei to ungane vart avliva no i onsdag ettermiddag. Det får Bergens Tidende opplyst i SNO.

Tysdag skaut jegerane jervetispa som dei har jakta på i Lustrafjella dei siste dagane. Men kvalpane slapp unna.

Fellingslaget meinte sjansane var gode for å ta livet av både mora og dei to kvalpane då dei våga seg ut av sekundærhiet i går. Men ungane vart for kjappe for skyttaren. Dei smatt inn att i hiet, langt raskare enn Naturoppsynet rekna med.

Arbeidet med å felle dei to jervekvalpane har pågått i heile dag, og den siste av dei to ungane vart felt no i ettermiddag.