Det er positivt at BT slik viser bedehuset interesse. Temaet gjev meg høve til å be om spalteplass for nokre merknader.

Bedehuset og lekmannsrørsla må stadig ha fokus på sin funksjon og strategi. Det er heller ikkje eit minus at andre pustar oss i nakken. Difor helsar eg gjerne ein debatt om bedehuset velkommen.

Historisk har bedehuset vore reist som resultat av vekking, åndeleg liv og strategisk misjonsengasjement for indre og ytre misjon. Samtidig har bedehuset vore ein lokal kulturstasjon i vid forstand.

Mange rammevilkår er endra mykje både i samfunn, kyrkje og organisasjonssamanheng. Døme om kyrkja: Då vi kom til Fjell med Bibelskolen for 20 år sidan, var det vel tre-fire tilsette i den lokale kyrkja. I dag er dei truleg fleire enn på heile hovudkontoret vårt!

Utfordringa for bedehuset og lekmannsrørsla (i vårt høve Indremisjonen) er tredelt — først og fremst åndeleg, så misjonsstrategisk og så organisatorisk. Kan nemna at Indremisjonsforbundet nå arbeider med våre organisasjonsmessige utfordringar gjennom ei innstilling som er kalla «Røtter og fornyelse».

Bedehuset si plassering gjennom tidene har stort sett følgd folket sin lokale møtestad. Skule, butikk, post og bedehus! Difor fekk vi mange bedehus i lokale bygder og stader i landet vårt. Innafor dei delar av landet der ImF har det meste av vårt arbeid har vi tilknyting til ca. 600 bedehus.

Fordi bedehuset følgjer møtestaden til folk generelt sett, kan ikkje bedehuset si framtid målast i statistikken frå talet på slike hus i bruk. Set eg det på spissen, kan eg heller seia det slik: Dersom vi held oppe alle bedehus der folk hadde sin møtestad for mange år tilbake, og ikkje tilpassar det like dyktig til dagens møtestader, som våre fedrar gjorde i si tid, vil bedehusarbeidet heilt sikkert gå tilbake.

Det er ikkje mi oppgåve generelt sett å redusera talet på bedehus. Fleire stader har enno ikkje slike hus! Men det er mi store utfordring å få våre leiarar i bygd og by til å vurdera strategisk om dei i dag har hus og arbeidsreiskap for misjonsarbeidet som (og der dei) møter vår tids trong. Spissformulert: Held vi oppe 600 møtestader og folk generelt har 400, er tilpassing til ny struktur stor framgang, medan status som i dag kan verta drastisk tilbakegang! Altså: Statistikk må lesast med forklaring!

Karl Johan Hallaråker, generalsekretær Indremisjonsforbundet