DET ER BT SOM RAPPORTERER om at det ikkje lenger er deilig å vere norsk i Danmark. Til gjengjeld sviktar danskane skiheisane våre. Sidan det store slaget i Idrettsparken i sommar har eg lese tallause utgreiingar om nasjonalkarakteren, folkelynnet og eigenskapane til danskar og nordmenn. Det meste av det er det reine tøv, sjølvsagt. Noko av det er kanskje også god morskap. Men noko av det er faktisk litt uhyggeleg. Det ser ut til at det her heime nå faktisk er klima for slikt. Eg kvir meg til jubileumsfeiringane i 2005. Ein overdose med nasjonalt sjølvskryt er det vi nordmenn no treng minst av alt. Ryktet går om at regjeringa og statsadministrasjonen ser for seg at hundreårsjubileet for 1905 også skal markerast rundt om i den store verda. Her får vi nye, strålande sjansar til å dumme oss ut overfor folk som knapt ser det aktuelle heroiske med frigjeringa frå svenskeåket. 1905 var historisk nødvendig. Men i ettertid kan mangt seiast om at det hadde ikkje vore så dumt om det var ugjort.

I 1787 SKREIV SORENSKRIVAREN i Sunnfjord, Hans Arentz «Grund-Tegning af den fornuftige Norske Patriotism». Dette var i oppkøyringa til vårt største nasjonale krafttak, 1814. Arentz ville nok yte sitt bidrag til å forsterke denne prosessen. Han skriv då også om «denne med Fødselen indplantede naturlige Tilbøyelighed, som udgiør den egentlige Patriotism, kand aldrig ventes og paastaaes hos en Dansk til Norge eller hos en Norsk til Danmark». Men det underlege er at den over 200 år gamle artikkelen til sorenskrivaren frå Askvoll lesen i dag, framstår som eit under av balansert fornuft i forhold til mykje av det samtida presterer av utgreiingar om tilhøvet mellom nordmenn og danskar. Sidan den gongen veit vi alle kva som har skjedd med kommunikasjonar og samkvem. I vitskapleg forstand har dei fleste norske oppfatningar om danskar om lag den same verdi som dei meiningane vi hadde i min ungdom i Høyanger om folk frå Vadheim: — Dei gjer seg sine tankar, slike òg, sa vi. Eller: - Det krir for livet, sjølv om det er frå Vaim.

ASYLSØKJARAR OG FLYKTNINGAR er med full tyngd komne inn i kommunevalkampen. Det var vel uunngåeleg. Men eg likar dårleg at denne debatten i så stor grad skjer på premissane til Frp og Carl I. Hagen. Partia kappast om å vere «strenge og rettferdige». Hovudfokus er på dei som er her urettmessig og ikkje minst på dei av dei som lyg og stel og gjer verre ting i motsetnad til det vi nordmenn driv med. Det ser ut til at partia er samde om at det er viktig å roe ned dei som kjenner frykt og hat overfor dei framande. Derfor gir dei inntrykk av å love å fjerne grunnane til denne otten. Men måten dei gjer det på skaper berre nye illusjonar. Når dei snakkar og oppfører seg som om nye landsmenn er ein sort virus som må haldast ute, er det formålslaust hykleri i neste setning å preike harmoni mellom rasar og folk og rose innvandrarane for stor innsats for det norske samfunnet. Hagen kan gjere det, fordi han har suspendert logikk og konsekvens. Men det blir forstemmande når andre importerer retorikken frå noko som bombesikkert blir ståande som ein mørk episode i moderne dansk historie.

DET ER IKKJE ANNA Å GJERE enn om att og om att å repetere fakta. Den moderne globaliseringa har pågått sidan spanjolane og portugisarane drog ut i den store verda på slutten av det 15. hundreåret. Alle europeiske samfunn har i fleire hundreår vore utsett for store endringar i etnisitet, religion, kultur og språk. Dei fleste idear om homogene og «reine» samfunn er falske. Vi er alle bastardar. Det har lenge vore mogleg å vere svart og norsk. Det nye er at det i våre dagar er så mange fleire som er det. Mange nordmenn har vondt for å akseptere at det er slik. Men dei er offer for vankunne. Draumen om å kome tilbake til eit homogent og «reint» Norge er dømt til å forbli ein illusjon. Den store testen på sivilisasjon i det 21. hundreåret er evna til å leve med mangfald. Dei som ikkje greier det, stengjer seg sjølv ute frå ei av dei viktigaste drivkreftene i samfunnsutviklinga.

Eg er ein kompromisslaus forkjempar for det norske i mange samanhengar. Men eg veit at nokre titusenar av mine landsmenn er dei nye diasporane som lever med minst to identitetar, to språk, to kulturar. Dagleg må desse «forhandle» og «omsette» mellom desse to. Det er prosessar vi burde kjenne godt fordi vi er eit folk som alltid har kryssa grenser og utforska nytt land. Dei fleste er samde om at det historisk har vore ein føremon for oss at vi har hatt landsmenn som har vore nøydde til å leve med to identitetar og to kulturar. Nå har vi fleire av dei innanfor grensene. Eg trur dei kjem til å levere stort sett verdfulle bidrag til det framtidige norske. I alle fall blir bidraga varige. Vårt moderne norske samfunn er eit ope, komplisert og ufullført spel - alltid i forandring og aldri meir statisk.

EG SER PÅ PATRIOTISME SOM EIT ORD med i all hovudsak positivt innhald. Men ein patriotisme basert på det som var eller som stort sett ytrar seg ved toskeskap og hovudlaus framferd ved idrettstevlingar, er ikkje mykje verdt. Eg har også lagt merke til at nokon meiner å finne ei slags løysing i det europeiske. Dei talar om europeisk identitet og trur på Europa. Beethoven og Goethe spøkjer i bakgrunnen. Men den moderne europeiske kulturen er endå meir mangfaldig, kaotisk og foranderleg enn vår eigen. Her er fullt av svartingar og bastardar som alle er gode europearar. Mindre og mindre vil alle desse bli assimilerte i store felleskulturar. Vi må leve med kulturelt mangfald. Nokre vil leve i store byar der du kjem til eitt nytt land på kvar ny T-banestasjon. Mange europeiske regjeringar har skaffa seg makt ved å love å stanse dette. Dei har ingen sjanse til å innfri dei lovnadene. Mangfaldet er for vitalt, bastardiseringa for potent. Eg applauderer.

I DEN DRAMATISKE STRIDEN for over ti år sidan skreiv Salman Rushdie: «Sataniske Vers hyllar hybriditet, ureinskap, samkvem, endringar som kjem av nye og uventa kombinasjonar av menneske, kulturar, idear, politikk, filmar, songar,» Rushdie har gitt oss sjølve læreboka for bastardisering. Ho er ei kraftfull åtvaring mot den autoritære absolutismen til Dei Reine. Blanding, litt av kvart og massemigrasjon gir verda og folk nye spanande utfordringar. Forfattaren har kalla boka ein kjærleikssong til bastarden i oss. Det er ei fabelaktig bok som nå burde få ein ny gullalder både i Norge og Iran.