I dag skal komiteen for miljø og samferdsel handsama forslaga til nytt ruteopplegg.

Det er det nye og nære sambandet mellom Odda og Kvinnherad gjennom Folgefonntunnelen som har fått fylkesrådmann Paul M. Nilsen til å foreslå snøggbåtrute mellom Rosendal og Bergen. Men fylkesutvalet har òg uttrykkjeleg bede om å få ei slik løysing utgreidd nettopp som fylgje av det nye vegsambandet under Folgefonna.

— Eg og er svært nøgd med innstillinga til fylkesrådmannen, seier Odda-ordførar Toralv Mikkelsen til Bergens Tidende. Odda kommune vonar at snøggbåtrute frå Rosendal kan samordnast med buss frå Odda, slik at reisetida frå Odda til Bergen vert kortast råd.

Men med slunken subsidiekasse, er det knapt til å unngå at at ei slik endring går ut over det som har vore. Den noverande ruta går over Herøysund, som ligg mykje nærare Husnes, og altså nærare dei folketunge delane av Kvinnherad. Kvinnherad kommune krev difor at Herøysund får stå i rutetabellen, og at Rosendal vert kopla på.

Leiaren i miljø- og samferdslekomiteen, Bente Bondhus frå Sp og Kvinnherad, går inn for Rosendal, og tek med på kjøpet at ho då vert upopulær i store delar av sin eigen heimkommune.

— Eg og går inn for Rosendal, men samstundes må vi sjå om vi kan finna ei løysing for Herøysund og Fjelberg, seier Arbeidarpartiets Arne Jakobsen.