Redd Barna har overvaka Internett og motteke tips om barneporno sidan 1996. I fjor kom det inn over 7200 tips. Det er ein auke på meir enn 20 prosent samanlikna med 1999. Tipsa som kjem inn, vert sendt til Kriminalpolitisentralen i Oslo som har ansvaret for å formidla dei vidare til politimyndigheiter verda over. Tipsa vert alltid rensa for informasjon om kven tipset kjem frå, slik at dei som gjer oss informasjon kan vera sikre på å forbli anonyme. Ved hjelp av tips ifrå nettbrukarane, reduserer me omfanget av barneporno på Internett og sørgjer for at overgriparar av barn vert sikta og straffa. I fjor utgjorde tips via denne adressa cirka 90 pst av KRIPOS sine totale tips om barneporno på Internett.

Redd Barna er motstandar av sensur på Internett. Ei open og fri utveksling av informasjon er viktig for demokrati og ytringsfriheit. Men barneporno er ulovleg å produsera og utveksla, uavhengig av kva for eit medium som vert nytta. Har du tips om kvar det fins barneporno på Internett? Send det til denne e-post adressa : c

Trude StorheimRedd Barna