BERGENS TIDENDE har rekna ut at det kostar 860 000 kroner å forsørgja eit barn frå det blir fødd til det blir myndig. Dette kan fortona seg som eit skremmande høgt tal.

Men fattige folk får også barn, i mange høve fleire barn enn dei som har mest pengar. Det er ikkje kostnadene som har vore avgjerande for nedgangen i fødselstalet dei siste tjue åra. Vel så viktig har eit høgare utdanningsnivå og kvinnenes yrkesval vore.

Med på lasset har det følgt nye sosiale konvensjonar om måten å leva på og forventningar om ein viss levestandard før barnefødslar vart prioritert. Dermed har gjennomsnittsalderen for førstegangsfødande blitt svært høg.

Ei tilsvarande utvikling har det vore i dei fleste industrialiserte land. Det er ikkje berre nordmenn som føder for få barn til å reprodusera seg sjølve, det same gjer dei aller fleste nasjonar i den vestlege verda. I nær framtid vil det i desse landa bli ein sterk ubalanse mellom pensjonistane og dei produktive årsklassane. I somme land i den tidlegare austblokka er folketalet alt i tilbakegang.

Noreg er slett ikkje av dei verst stilte, fødselsraten her til lands har halde etter måten høgt i europeisk målestokk. Ei av forklaringane kan vera overføringane til hushaldningar med barn, betalt fødselspermisjon og offentleg finansierte barnetilsynsordningar. Barne— og familiepolitikken har lagt til rette for at det skal vera mogleg å kombinera barneoppdraging med yrkesaktivitet.

Nokon storstilt auke i overføringane til barnefamiliar vil det truleg ikkje vera rom for. Eldrebølgja vil krevja så store utteljingar at det knapt kan bli nok til å opprioritera dei yngre generasjonane i tillegg.

Med utsikter til full barnehagedekning om ikkje altfor mange år, er det difor kanskje ikkje mange økonomiske verkemiddel som står att for å oppmuntra til fleire barnefødslar. Kåre Willochs framlegg om å auka støtta til dei mest barnerike familiane er kanskje eitt av dei mest treffsikre. Det kan visa seg rasjonelt og samfunnsøkonomisk gunstig å oppmuntra ekstra til auka barnetal blant dei som har barn frå før i tillegg til å få fleire kvinner til å føda.

Men om staten bør vera vera rasjonell, bør det ikkje vera kostnadane som avgjer barnefødslane. Så fattige må vi ikkje bli.