Det er i samband med den nye barnehageplanen at TVØ vil prioritera barnehage på Ternholmbakkane på Rong framfor ny kommunal barnehage i den nordre delen av kommunen. Etter det Kystradioen kjenner til blir det føreslått å utsetja ferdiggjeringa av ny barnhage i nord frå 2004 med eit eller to år, og framskunda ny barnehage på Rong frå 2006 til 2004 eller 2005. Grunngjevinga er at behovet for barnehageplassar vil auka i den midtre og søre delen av Øygarden.