TERJE ULVEDAL (tekst og foto)

Etter det Bergens Tidende kjenner til stadfestar obduksjonsrapporten at Helene Marie Solheim døydde av kveling.

På ein pressekonferanse i Førde i går ettermiddag understreka etterforskingsleiaren, førstebetjent Dag Øyen ved Førde og Naustdal lensmannskontor, nok ein gong at politiet etterforskar dødsfallet som ei ulukke.

— Vi har ikkje og har heller aldri hatt indikasjonar på at det ligg føre noko kriminelt. Som i alle andre saker er vi sjølvsagt opne for alle ting, men har ingen grunn til å tru at dette er noko anna enn ei ulukke.

Uklare omstende

Seks etterforskarar frå Kripos har delteke i etterforskinga. Tre tekniske etterforskarar kom til Førde fredag og reiste tilbake til Oslo dagen etter. Tre taktiske etterforskarane er framleis på kontoret.

— Vi bad om assistanse frå Kripos fordi dette var eit ulukke som skjedde under uklare omstende. Og fordi det var eit lite barn. Vi vil rett og slett prøve og finne eit svar på korleis dette har skjedd, sa Øyen på pressekonferansen.

På gårsdagens pressekonferanse var Øyen assistert av inspektør Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt og førstebetjent Kåre Svang i Kripos.

Leidning rundt halsen

Jenta blei funnen livlaus på eit rom i huset der ho budde i eitt-tida torsdag. I følgje politiet hadde femåringen då leika åleine på rommet ei lita stund. Då ho blei funnen hadde ho leidningen frå ein støvsugar rundt halsen.

Ambulansepersonell starta straks gjennopplivingsførsøk. På Førde sentralsjukehus blei jenta lagt i respirator. Femåringen døydde laurdag ettermiddag.

Nye avhøyr

I helga føretok politiet avhøyr av dei vaksne i husstanden og ambulansepersonell som kom til staden.

— Vi veit ikkje kor lang tid etterforskinga vil ta. Nokre få etterforskingsskritt står framleis att. Mellom anna skal det gjerast ein del fleire avhøyr. Vi ventar også på ein skriftleg rapport frå den rettslege obduksjonen ved Gades Institutt, sa Øyen på pressekonferansen.

I går fekk politiet ei munnleg orientering om obduksjonen. Men utover å seie at resultata politiet blei informert om i går ikkje hadde ført nye opplysningar til etterforskinga, var politiet forsiktige med opplysningar.

INGEN MISTANKE: Etterforskingsleiaren, lensmannsførstebetjent Dag Øyen, understreka på gårsdagens pressekonferanse at dei etterforskar ei ulukke. - Vi har ingen indikasjonar på at noko kriminelt ligg bak dødsfallet til den fem år gamle jenta, sa Øyen.