Det storstilte skadeverket vart oppdaga søndag formiddag av tilsette på bensinstasjonen like ved. Dei fekk sjå at det rende vatn frå andre etasje i det nye Tednebakkane Omsorgssenter, som enno ikkje er tatt i bruk.

Vandalane hadde også retta ein hageslange med full sprut inn hovudinngangen, knust ei rute og grisa til med pulverapparat, måling og silikon. Det låg fleire centimeter med vatn på alle golv, og brannvesenet og eit verdisikringsfirma arbeidde i helga på spreng for å avgrense skadane.

Til avhøyr med foreldra

Politiet i Øygarden sette inn store ressursar i etterforskinga, blant anna med teknikarar som gjekk igjennom huset for å sikre spor.

Den 14 år gamle guten og den 11 år gamle jenta var inne i bygget då hærverket vart oppdaga i 13-tida søndag. Dei to forklarte då at dei hadde kome tilfeldig forbi like før, og at døra til senteret hadde stått open.

— Vi kopla ikkje dei to til hærverket umiddelbart. Men funn vi gjorde på staden tyda på at det dei hadde sagt ikkje stemde. Difor tok vi dei to inn til avhøyr saman foreldra. Dei to har nettopp tilstått, sa lensmann Eiliv Lønningen i Øygarden til Bergens Tidende i 20.30-tida i går kveld.

Tilståingane kom etter at dei to blant anna var konfrontert med fingeravtrykk som var funne.

- Dei tek det tungt

Dei to barna hadde gått systematisk til verks i øydeleggingane. Eit 20-tals vasskraner var opna, samtidig som vasslåsane var fjerna for å gje vatnet fritt leide ned på golva.

— Dei har bevisst gått inn for å øydeleggje så mykje som mogleg, sa lensmannsbetjent Gustav Landro ved Fjell og Sund lensmannskontor medan jakta på gjerningspersonane pågjekk.

— Guten og jenta tek dette veldig tungt. Det gjer også foreldra. Dette er ein stor tragedie for alle ý både for familiane og for Øygarden kommune, seier lensmann Lønningen.

Dei to har ikkje vore i kontakt med politiet på nokon måte før.

— Det kan vere at dei to ikkje har skjønt konsekvensane av det dei har gjort, seier Lønningen, som i går kveld ikkje hadde fått oppgitt noko motiv frå dei to. Ingen ting tyder på at fleire har vore med på hærverket, ifølgje Lønningen.

Opninga truleg utsett

Tednebakkane Omsorgssenter på Rong skal huse 47 bebuarar når det står ferdig. Det skal romme både sjukeheimsplassar, eldrebustader, eit dagsenter og psykiatriske sjukeheimsplassar. Etter planen skulle første del av bygget tas i bruk i månadsskiftet august/september, men skadeverket gjer at dette truleg ikkje let seg gjere.

— Vi reknar med at bygningen er påført skader for millionbeløp. Vi er svært lei oss og skuffa.

Omsorgssenteret skal huse dei eldste og svakaste i samfunnet vårt, og då er det ekstra trist at nokon kan få seg til å gjere noko slikt, seier rådmann Ingolf Solsvik i Øygarden.

Han var sjølv ute for å sjå på hærverket søndag. I dag skal han ha møte med byggjeleiinga for å gå igjennom omfanget av skadane.

SKUFFA: - Vi reknar med at bygningen er påført skader for millionbeløp. Omsorgssenteret skal huse dei eldste og svakaste i samfunnet vårt, og då er det ekstra trist at nokon kan få seg til å gjere noko slikt, seier rådmann Ingolf Solsvik i Øygarden.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN