Dette er nokre av grunnane til at Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige Nor sist torsdag gjekk til det overraskande steget å trekkje seg frå avtalen om å sikre drifta av felgfabrikken Fundo.

— Ei heilskapleg vurdering gjorde at vi sa opp avtalen, seier Arvid Andenæs, administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Knallhard kritikk

Som nytilsett toppsjef har Andenæs fått i fanget ei av dei vanskelegaste sakene gjennom tidene for Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken kan tape store summar på den økonomiske krisa for Fundo Wheels. Samstundes brenn blålyset for eit heilt lokalsamfunn i bankens kjerneområde, dersom felgfabrikken må stengje dørene.

I går hagla kritikken mot Fundos to hovudbanksamband, Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige Nor. Fleire tunge aktørar som er med i spelet om den konkurstruga felgfabrikken, blei kraftig provoserte då bankane trekte seg frå avtalen om å garantere for drifta. Ein avtale dei skreiv under på to dagar før.

Leiaren for gjeldsnemnda meiner den nye driftsavtalen som blei inngått i går kveld, kom i stand på trass av bankane. Og Høyanger-ordførar Kjartan Longva er storleg overraska over bankanes framgangsmåte:

— Når framtida for eit heilt lokalsamfunn står på spel, ventar eg ei meir konkret forklaring frå bankane enn at ei «heilskapleg vurdering» ligg til grunn, sa Longva til Bergens Tidende i går.

Og i går kveld letta toppsjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane litt på sløret i ein samtale med Bergens Tidende.

Ingen god framdrift

— Begge bankane konkluderte med at vi skulle trekkje oss frå avtalen. Når vi nokre dagar før gjekk inn for å sikre drifta, var det i håp om å få til god framdrift i forhandlingane. Dei siste dagane har vi ikkje sett noko slik god framdrift som kan gje ei løysing. Det som går føre seg er eit spel vi ikkje veit utgangen på. Etter vårt syn er det no for mykje posisjonering. Aktørane er for mange, og den gode tonen, som er nødvendig for å finne ei løysing, er ikkje der.

Andenæs går langt i å hevde at det føregår eit spel om Fundo der det er om å gjere og ikkje bli sitjande att med Svarte-Per.

— Kva må etter ditt syn til for å få til ei løysing?

— Vi har komme dit at partane som har noko med denne saka å gjere, bør setje seg saman, og sitje saman, til det er ei løysing. I ein slik situasjon må ein gje og ta på alle sider. No er det litt for mange sider.

Ikkje inviterte

— Men no reiser jo gjeldsnemda kritikk for at bankane ikkje var til stades på gårsdagens møte?

— Vi var ikkje bedt om å møte. I alle fall var ikkje Sparebanken Sogn og Fjordane det. Vi er klare til å møte kven som helst for å få til ei løysing som sikrar vidare drift og arbeidsplassane i Høyanger. Men då må vi bli tatt på alvor.

Toppsjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane rosar innspela som har komme frå lokalt hald. Samstundes er han kritisk til gjeldsnemnda.

— Dei køyrer eit tøft løp. Til ein viss grad må dei gjere det. Men mi vurdering er at det har vore køyrt for tøft dei siste dagane.