Barnematdirektivet tillet så store mengder A— og D-vitamin at norske helsemyndigheiter har åtvara sterkt mot det, og sagt at det mest sannsynleg er skadeleg for norske born. Dette fordi norske born har eit anna kosthald enn born lenger sør i Europa.

Stortingsfleirtalet av Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet driv dette likevel igjennom, tydelegvis fordi det viktigaste er å vere mest mogeleg EU-tilpassa. Dermed kjem tilhøvet til borna våre i andre rekkje. For Venstre og KrF som tidlegare argumenterte sterkt mot dette direktivet, har tydelegvis regjeringstaburettane ført til stille samtykke. Dette er eit svik av nei-partia KrF og Venstre. Ein kan formeleg følgje råsa av sølvpengar frå Høgres hus og rett inn på KrF-kontoret.

Vi er lei av eit stortingsfleirtal som trassar folkets nei, og driv fram ein politikk som folk eigentleg er imot.

Vi vil ha eit stortingsfleirtal som set born si helse framfor EU-tilpassing.

PAUL JAKOB HELGESEN,

BERGEN SENTERSTUD