Av Bjarne Boge, Eidfjord

Me er etter kvart blitt vane med at BT nyttar eit kvart høve til å framføra propaganda mot Rv 7 og dermed mot store delar av Hardanger. Det er vanskeleg, om enn ikkje umogeleg, å kommentera kvar gong avisa framfører stoff på ein måte som er misvisande, men artiklane som er lagt ut på nett og teke inn i papirutgåva 19. og 20. mars er så kyniske og utspekulerte at dei må kommenterast.

Under overskrifta: «Ha god gummi på Vidda» åtvarar Jan Stedje 19. mars mot ferdsel over Hardangervidda: «Glem turen over Hardangervidda dersom du har dårlig vintergummi på bilen. Sko deg for en tøff tur, ha full tank og ta med termos.»

Stedje viser til at slik må åtvaringa som Statens vegvesen sende ut 18. mars tolkast for dei som vil kryssa Vidda med bil.

Etter å ha leita på Statens vegvesen si nettside og konferert med vegmeldingstenesta, har eg funne vegvesenet si såkalla åtvaring. Dette er generelle råd til trafikantar som skal kryssa fjellovergangar. Er BT blitt så opptekne av å leda trafikk bort frå Rv 7 at dei driv rein feilinformasjon, eller kan BT forklara korleis dei kan tolka meldinga til berre å gjelda for Vidda?

Det mest ekstreme eg har sett på lang tid er Jan Stedje sin artikkel «Busskonsesjon etter advarsel» i BT 20. mars. Her gjengir BT ukritisk stoff som er presentert av Per Nordø frå Miljøvernforbundet. Det er prisverdig at BT engasjerer seg i rastryggleiken for strekninga Eidfjord–Brimnes, men det luktar av vikarierande motiv, og er ei kynisk vinkling av ei djupt tragisk hending. I artikkelen vert det framstilt som meiningslaust å gje konsesjon for bussrute på strekninga Geilo–Eidfjord–Bergen når det fins eit langt tryggare alternativ Geilo–Aurland–Bergen.

Grunngjevinga for tryggleiksvurderinga er mellom anna at på strekninga Geilo–Eidfjord–Bergen må ein køyra den vanskelege Måbødalen og ein av landets mest rasutsette strekningar, Eidfjord–Brimnes. Har BT spurt buss— og trailersjåførar kva dei oppfattar som mest krevjande av desse strekningane? Eg har spurt Norges Lastebileier-Forbund, og svaret deira er krystallklart. Vegen om Aurland er vanskelegast!

Det er rett at strekninga Eidfjord–Brimnes har rasutsette punkt, og me som bur her er takknemleg for at regionavisa vår engasjerer seg i rassikring. Det tener oss derimot lite at BT framstiller strekninga Geilo–Eidfjord–Bergen som meir rasfarleg enn alternativet Geilo–Aurland–Bergen. Dersom BT hadde brydd seg med å halda opplysningane til Nordø opp mot kart over rasutsette vegstrekningar referert i BT same dag, ville dei fort oppdaga at det er dobbelt så mange raspunkt på den alternative ruta.

Med den gjennomslagskraft BT har i politiske miljø, er eg viss på at Rv 7 over Hardangervidda i dag hadde vore trygg heilårsveg med tunnelar på dei mest utsette stadene dersom avisa hadde vore positiv til ei slik utvikling. Hallingdalen hadde hatt eit tryggare og raskare vegnett mot Vestlandet og trafikantane langs Eidfjorden hadde truleg hatt ein tryggare veg. Dette bør redaksjonen ta inn over seg og ta omsyn til i sin framtidsstrategi.