Av Ola Folkestad

Diverre dokumenterer BT, noko som eg tykkjer har vore berrsynt rimeleg lenge, at fenomenet ikkje minst er utbreidd mellom mediafolk.

Høyr berre her. På leiarplass skriv BT i dag at ein renteauke på 0,5 % for eit lån på kr 600.000 pr mnd utgjer kr 180.

La oss ta det heilt enkelt. 1 % rente av 600.000 utgjer pr år kr 6.000. Då må 0,5 % utgjer kr 3.000. Etter som året vist nok framleis har 12 mnd, skulle dette utgjere kr 250 pr mnd.

Det skulle elles vere interessant å få opplyst kva BT i samanheng meiner med omgrepet prosentpoeng.