Notatet er skrive etter oppmoding frå fylkesrådmannen, etter at fylkesvegplanen hadde vore oppe til debatt i utvalet for miljø og samferdsel.

I fylkesvegsaker er vegsjefen underlagt fylkesrådmannen. Å unnlata å skriva notatet om faktiske tilhøve kring planane for Jondalstunnelen, etter oppmoding — ville ha vore gale.

Vegsjefen er sjølvsagt lojal mot fylkestinget sine vedtak om å setje Jondalstunnelen på førsteplass på lista over fylkesvegprosjekt i 10-årsperioden framfor oss. Planarbeidet pågår for fullt i Statens vegvesen Hordaland, i samråd med m.a. Kvinnherad, Jondal, fylkesmannen og fylkeskommunen. Her pliktar vegsjefen å følgja plan- og bygningslova, med pålagt samarbeid med andre instansar innan m.a. kultur-, natur- og miljøsektoren. I prosessen så langt har det kome fram ein del fakta som fylkesrådmannen altså tykte fylkestinget burde vita om.

Det er desse faktiske opplysningane Kobbeltveit kritiserer vegsjefen for å leggja fram. I vårt notat legg vi fram fakta som kan reisa tvil om føresetnadene for Jondalstunnelen. Dette gjeld ikkje minst spørsmål om rassikring av vegen mellom Austrepollen og Nordrepollen. I eit førebels notat om dette seier vår rassakkunnig at han vil rå til bygging av ein kring 3 km lang tunnel for å få ein tryggare tilkomstveg til Jondalstunnelen i Kvinnherad. Det vil i så fall bli ein ekstrakostnad på i storleiken 100 mill. kroner, som - saman med Jondalstunnelen - vil krevja konsekvensutgreiing av vegprosjektet.

I tillegg er det peikt på moglege fornminne, som kan krevja at Jondalstunnelen må førast ut ein annan plass i Jondal, ei mogleg forlenging av tunnelen med, og såleis høgare kostnad.

Kostnadsmessige og finansielle utfordringar høyrer òg med til vegsjefen sitt ansvar, og i denne samanhengen også fylkesrådmannen sitt ansvar.

Fylkestinget føreset at Jondalstunnelen skal delfinansierast med statsmidlar til store fylkesvegprosjekt. Stortinget har pålagt Statens vegvesen å betra presisjonen på våre prosjektgrunnlag. Eit slikt krav inneber at alle kjende opplysningar blir lagde på bordet før vedtak blir fatta.

BT-redaktøren har heller ikkje innvendingar til våre fakta om Jondalstunnelen, men likar ikkje at vi gjer jobben vår med å leggja fram desse saksopplysningane. Eg oppfattar redaktøren slik at vi heller burde halda attende faktiske opplysningar.

Vegsjefen er overtydd om at det er langt betre at fylkestinget er kjend med fakta på førehand - enn å feia opplysningane under teppet - for å bli møtt med desse realitetane i ettertid.

Ordskiftet på fylkestinget er òg eit prov på at det ikkje var innvendingar til at tilleggsnotatet blei skrive av vegsjefen. Kobbeltveit var til stades under tingseta, og kjenner følgjeleg til dette.

Av Ole Christian Torpp, vegsjef