Det har nemleg stort sett med smak å gjere. Det er til dømes heilt meiningslaust å lese kva Audun Vinger i Natt og Dag meiner om Trong Fødsel, for meg og alle dei som har sansen for det bandet.

Kva det fører til at han slaktar dei, er sikkert ikkje lett å vite. Men eg trur nok heilt sikkert at slaktinga som BT stod for laurdag, gjer at mange som burde prøve Café Opera, ikkje gjer det.

Det fyrste eg ikkje heilt skjønar, er korleis karakterane 2, 3, 4 og 4 kan ende opp med heilskapsinntrykket 2. Det neste er dei heilt utruleg uforståelege karakteristikkane av maten, servicen og omgivnadane.

Maten på Café Opera er vanlegvis særs spanande. Dei har middagsmenyar på kanskje 5–6 rettar. Menyane er nok litt variable, ikkje alle er like bra. Men det er alltid nokre rettar som er eksotiske, smakfulle, mettande og rimelege. Denne maten er ofte betre og meir mettande enn på langt dyrare restaurantar. Eg ville ikkje nøle med å gi maten på Café Opera karakteren 5. Det gjeld middagsrettane og smårettar som ciabatta, lun, varmrøykt laks, og den fantastiske ovnsbakte fetaen. Elles har eg etter kvart høyrt mange folk seie at likar ein burger, bør ein prøve den på Opera. BT slakta den også.

Servicen må seiast å vere meget bra, dersom ein tenkjer på at dette er ein kafé, og at det vanlegvis er fullt av folk. Meget populær, m.a.o. Og slik sett er det gjerne bra at BT skremmer vekk nokre, slik at eg framleis kan få plass der.

Men dei som jobbar på Opera er hyggelege folk. Dersom BT meiner at dei ikkje er «kelneraktige nok», så passar samanlikninga med Vingers melding endå betre. Dei burde sende nokon som forstod kva Café Opera er meint å vere, og som kunne vurdere staden for det den er. Omgjevnadane er for oss som likar den stilen, det beste du kan få. Men å påstå at den fungerer best som studentkantine er å verkeleg avsløre at meldarane ikkje hadde noko der å gjere i dei heile! Det er rett nok sikkert mange studentar og folk som var studentar for relativt kort tid sidan, som går der.

Men det er mange andre som likar den spesielle stemninga og den spanande (for det er den!) og rimelege maten.

Som etestad er Café Opera ein av mine favorittar her i byen (og også som utestad, men det er ei heilt anna sak). Det tyder sjølvsagt ikkje at dei ikkje kan forbetre seg. Og det håper eg dei gjer etter denne slaktinga. Men hovudpoenget mitt er altså at ei slik melding, om den skal ha nokon funksjon, bør vere litt meir balansert enn dette.

Det kan den nok ikkje bli når ein eller nokre få personar sin smak og synsing skal vere grunnlaget.

Av Torbjørn Ole Widnes Johansen, lektor og matvrak