Av førstebibliotekar dr.philos. Pål H. Bakka, styremedlem Forskerforbundet, Universitetet i Bergen

Men i motsetnad til presseetikk byggjer forskingsetikk på eit objektivt grunnlag. I motsetnad til den journalistiske «sanninga», som er reint subjektiv, er forskaren si «sanning» objektiv.

Eit forskingsresultat er berre sant når det er mogeleg å etterprøva det metodisk. Det er metodekravet som gjer forsking «objektiv». Den journalistiske sanninga er derimot ei vitneutsegn; sann i den mon journalisten skildrar det han ser. Skilnaden mellom forsking og journalistikk ligg vidare i at forsking er ein open prosess medan den journalistiske er løynd. Ein journalist har rett til å halda sine kjelder hemmeleg. Ein forskar har plikt til å publisera dei data som er kjeldene for hans funn.

Det er ikkje uetisk av ein forskar å gi råd så lenge desse råda er fagleg vel funderte; heller ikkje for ein valforskar å by fram tenestene sine til eit parti. Det viktigaste kravet til forskaren er formidling av resultata. Ny kunnskap har ingen verdi dersom ingen andre får del i han. Det å gi råd til politiske parti er faktisk forskingsformidling.

Det er nettopp denne formidlinga Kobbeltveit meiner er problemet. Det er det som skapar «den uheldige dobbeltrolla» som han illustrerar ved å visa skiljet mellom reportasje og kommentar. Spørsmålet som automatisk melder seg er: Kva metodiske kriteria ligg til grunn for den redaksjonelle vurdering av at noko har nyhendeverdi? I sine reportasjar formidlar massemedia bitar av røyndomen til den einskilde. Sidan verda er kaotisk og uendeleg stor, er formidling av informasjon det same som siling og ordning av informasjon. Ei redaksjonell vurdering av nyhendeverdi er altså å gjera eit val. Det einaste kravet til denne prosessen er at det ålmenta får vita er «sant». Og at det sel.

Det einaste signalet eg som lesar får om grunnlaget for dei redaksjonelle vurderingane, er kva t.d. BT vel å skriva på leiarplass. Det er berre det som fortel meg kva bitar av sanninga avisa vel å formidla. Eg anar ikkje kva nyhende ho vel ikkje å skriva om, og kvifor ikkje. Eg kan ikkje vita om biletet ho gjev av verda er «sant», eller om det berre er det biletet hennar redaktørar vil eg skal sjå. Det singlar stygt i glas når Kobbeltveit tvilar på Aarebrot sitt truverde som valforskar fordi han også er aktivt Ap-menneske. Han får meg til å tvila på BT sitt truverde. Det Kobbeltveit ser ut til ikkje å forstå er det fundamentale skiljet mellom journalistisk og forskingsmessig truverde.

Som statsvitar reagerer eg sterkt både på åtaket på Frank Aarebrot sin integritet som forskar og på den moralistiske etterlysinga av min yrkesetikk. For eg forstår heller ikkje kva «uheldig dobbeltrolle» han spelar. Det må vera lov å spørja kvifor ein redaktør i BT sår tvil om truverdet til ein framståande norsk forskar. Dei krav avisa stiller til min yrkesetikk gjer at eg enten må forsaka mi plikt til å formidla min kunnskap eller min rett til å vera medborgar. Eg har korkje tenkt å la vera å skriva om saker eg kan noko om, eller å melda meg ut av Høgre. For eg har slett ikkje tenkt å la meg knebla av BT.