Av Torill Selsvold Nyborg,

Hordaland KrF

Det er greitt for BT at ein fordeler posisjonar på tvers av tradisjonelle liner, berre ein ikkje gjer politikk av det. KrF finn det uaktuelt å gå inn i viktige posisjonar utan å avklara det arbeidsgrunnlaget ein har. Derfor heng politikk og posisjonar nøye saman. Vi kan ikkje ha ein ordførar som seier ein ting og ein varaordførar som seier det stikk motsette.

BT må vera klar over at både den politiske samansetjinga av fylkestinget og oppgåvene for fylket er sterkt endra sidan siste val. KrF såg lite mon i å gå inn i eit samarbeid med fem parti der SV var med. Vi er i viktige saker usamde med SV, og vi har sett korleis Ap og SV har stemt ulikt i viktige saker i perioden. Kristne vidaragåande skular er berre eit døme på skilnaden mellom KrF og SV. Det finst mange andre også.

KrF fekk ein invitasjon til samarbeid med Høgre, Frp og Pensjonistpartiet. I dette tilbodet låg det inne at KrF fekk fylkesordføraren. Vi ville ikkje svara ja til dette generøse tilbodet før vi hadde gått gjennom dei sakene som kunne skapa problem for oss i åra som kjem. Når denne avklaringa var gjort, sa KrF ja til invitasjonen frå Høgre og Frp. Vi vil stå fram som tre ulike parti, men med ei politisk plattform som gjer samarbeidet lettare. Dette er ei ryddig arbeidsform.

Høgre og Frp vil leggja ned fylkeskommunen. KrF har hatt eit anna syn, men har sett at fylkeskommunen har mista sentrale arbeidsoppgåver. Vi har på denne bakgrunn vore ein sterk pådrivar for eit nytt regionalt nivå. Dette vil vi halda fram med når Hordaland fylkeskommune det komande året også har leiinga av Vestlandsrådet. BT må ikkje overideologisera fylkespolitikken når ein berre sit igjen med samferdsle, vidaregåande skular, næringsutvikling og kultur. Store stridssaker mellom Frp og KrF er ikkje aktuelle i fylkeskommunen.

Det er rett som BT skriv at underteikna har vore kritisk til regjeringa. Det er særleg sentraldirigeringa og utarminga av kommunar og fylke kritikken har gått på. No har regjeringa tatt eit oppgjer med øyremerkinga, og Erna har lova eit KrF-budsjett for Kommune-Norge. Vår kritikk mot regjeringa har vore rett og den har gitt resultat. Så forventar vi at situasjonen vert lysare i 2004.

Det vanskelege ved skiftande konstellasjoner, er dei personlege og emosjonelle sidene. Vi har hatt eit godt samarbeid med Ap, Sp og Venstre i siste periode. Då er det vanskeleg å ta ein telefon til gode vener for å seia at situasjonen no er endra slik at vi også vil endra vår konstellasjon. Men det er dette som hender i mange kommunar og fylkeskommunar. I Sogn og Fjordane kasta Ap KrF ut av posisjon, i Austevoll og Meland har Frp og KrF spela på lag — og i Kvam fekk Ap hjelp frå Frp for å få ordføraren. Slike skifte er vanskelege, men som politikarar må ein tåla dette. For oss i fylket har politikk og posisjon vore viktige, og vi fekk utteljing på begge punkt. Det kan korkje BT eller publikum/veljarar finna særleg kritikkverdig.