For det første var førsteutkastet utforma av ordførar for saka, Jon Lilletun, og ikkje av KrF, Sp og Ap slik Bergens Tidende hevdar. Vidare var ikkje underteikna hovudarkitekten til den løysinga innstillinga legg opp til. Framfor alt snakka eg ikkje med to tunger i saka.

Det blir hevda at Næringsdepartementet ikkje vart orientert om utviklinga i saka. Dette er ikkje rett. Næringsdepartementet vart informert etter som saka utvikla seg. Også om at Høyre og Frp hadde varsla subsidiær støtte til regjeringa sitt opplegg. Det Bergens Tidende ikkje informerer lesarane sine om er at det var KrF og Sp som sikra løyvinga til det halvstatlege investeringsselskapet. At dei same partia leikte med tanken (for ikkje å seie det sterkare) om å trekkje støtta til løyvinga, dersom dei ikkje fekk innverknad på organisering av selskapet. Hadde det skjedd ville vi ikkje hatt noko selskap å organisere. Eg vil dessutan få slå fast at det korkje i St.meld.nr. 38 eller i innstillinga er sagt noko om kvar selskapet skal lokaliserast. I denne kampen kan Bergen og Bergens Tidende delta. Eg tilrår imidlertid Bergens Tidende å gjere det med saklege og faktisk rette argument.

Så til slutt vil vi få slå fast at Rita Tveiten ikkje var glad for at fraksjonen ikkje tok sjansen på å samarbeide med Høyre og Frp. For meg er det uforståeleg på kva måte ulike aviser er komme til den motsette konklusjon.

KJELL OPSETH