HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.no BKK er god butikk. Om tre veker reknar konsernet med å legge fram eit årsresultat for 2000 på rundt 400 millionar kroner før skatt. Resultatet er i følgje informasjonssjef Kjell Harald Lunde noko betre enn for 1999.Det gode resultatet får likevel ingen verknad på straumprisen.— Vi har ingen marginar å ta av på straumsalet, seier administrerande direktør Atle Neteland.For sjølve straumsalet går truleg i minus i BKK. Det er kraftproduksjonen som syter for inntektene, og BKK skiller mellom desse to forretningane.Overskotet betyr gode pengar i utbyte for eigarane. Bergen kommune sit med ein post på 52,23 prosent. BKK reknar med at eigarane også i år skal ta ut 50 prosent av overskuddet, som då vert cirka 100 millionar kroner til kommunekassen. - Det er sjølvsagt ikkje nokon fordel å vere prisleiande, men det er viktig å vere klar over at dette er ei verksemd som skal drive forretningsmessig, og då må vi finne oss i prisane. Det er ikkje aktuell politikk å senke utbytet, seier byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen. 1200 kroner i året Forklaringa BKK gir for prisoppgangen til 40,99 øre per kWh den 19. februar, er at det ikkje er marginar for ein lågare pris. Lågare pris betyr tap for BKK. Det dei ikkje seier, er at for kvart øre BKK legg på prisen over eitt år, vil konsernet ha ein netto gevinst på 36 millionar kroner. For deg betyr dette øret rundt 200 kroner.Om forskjellen er seks øre, slik tilfellet er med Kraftkompaniet Vest no, utgjer det 1200 kroner for deg, og 216 millionar for BKK over eit heilt år. For at selskapet skal gå med tap, må BKK altså enten ha ekstremt høye utgifter på sine watt, lav effektivitet, eller så sel alle dei andre billegare leverandørane med tap. Til dømes set Oslo Energi opp prisen til 38,45 øre samstundes med BKK, men melder at det er med god margin.- Suksessen ligg i krafthandel og portefølgjeforvalting, seier informasjonssjef Kjell Stamgård i Oslo Energi.Tydelegvis varte dei dårlege marginane ikkje så veldig lenge. To veker etter prisoppgang, den 5. mars, set BKK ned straumprisen att. Då til 38,75 øre. Det bestemte dei seg for i går. Kvifor? Fordi spotprisen betra seg. Og fordi BKK ikkje var komfortabel med å vere dyrast. Det vert likevel ikkje aktuelt å droppe prisoppgangen til 40,99 øre. Mista flest kundar I følgje Dagbladet var BKK den gjennomsnittleg 10. billegaste straumleverandøren i fjor, med ein gjennomsnittspris på 27,9 øre. To av dei andre store, Lyse og Tindra, var likevel billegare. Likevel har kundane reagert på prisen. BKK er nemleg den straumleverandøren der flest kundar seier opp abonnementet. Norsk Gallup si undersøking i desember, synte at av dei 17 prosent som hadde skifta straumleverandør, hadde 13 prosent slutta i BKK. Dette er desidert høgast av alle leverandørane. og utgjorde rindt 10.000 kundar. Sjølv om Oslo Energi i snitt var dyrare i fjor, var det berre fem prosent som sa opp kundeforholdet der.

fakta/byte straumleverandør

  • Det enklaste for deg som har internett, er å nytte energypoint.no. Der kan du ved hjelp av få tastetrykk leite deg fram til den billegaste leverandøren og skifte. Alt vert ordna av Energypoint. * Om du trur du betalar for mykje, rekne ut kva leverandør du kan spare mest på. Konkurransetilsynet har oppdaterte prislister. Telefon 22 40 09 00. * Kontakt den nye leverandøren, og be om eit tilbod.* Den nye leverandøren gjer jobben, du treng berre lese av straummålar og signere ei kontrakt. * Oppseiingstida til den gamle leverandøren er på fire veker. Det er også normalt tida det tek å byte. * Nettleige kan du ikkje skifte. I Bergen har BKK monopol på drifta av straumnettet.