HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.no

Torsdag hadde INO ein tilsett. Same dag tilførte BKK fire milliardar i ny aksjekapital, og dagleg leiar Terje Breivik kunne tilsetje tre nye medarbeidarar i går.

For BKK har klokkartru på den vesle verksemda, som tilbyr breiband til knappe 250 kundar i Ulvik, på Karmøy, Geilo og i Harstad. Om alt går etter planen, skal BKK investere til saman 22 millionar kroner, tilsvarande 63 prosent eigardel, i selskapet berre i år.

— Dei har fått det til å svinge skikkeleg bra, seier direktør i BKK Bredbånd, Bjarne Skaar.

INO satsar på å tilby trådlaust breiband til dei 400 minste kommunane og tettstadene i Norge. BKK har lova breiband til sine kundar, også dei som bur i grisgrendte strøk.

— INO har dei rette føresetnadene for å gjere den jobben i samarbeid med oss, seier Skaar.

Selskapet er allereie på veg inn i Ål, Haugesund, på Askøy, Leirvik og Stord. Det tilbyr ein overføringskapasitet på to Mbit, noko som gjer sending av tunge datafiler til ei kjapp affære. Med ei oppkoblingsavgift på 999 kroner, og ein fastpris på 280 kroner månaden på fire husstandar, er INO av dei desidert billegste breibandleverandørane.

— Det betyr veldig mykje for tryggleiken når eit så stort selskap som BKK ønskjer å gå inn så tungt, seier Terje Breivik.