Dette poenget kunne ha vore vinkla på mange andre måtar. For eksempel kunne det ha stått at BKK auka kundemassen med over 40 prosent i 2000. Eller at BKK fekk seks gongar så mange nye kundar enn det selskapet mista. BKK fekk om lag 70.000 nye kundar i 2000. Nesten halvparten kom til gjennom BKK sitt salsapparat, resten gjennom oppkjøp.

Denne kundeveksten kan tolkast på fleire måtar. Ein måte er at kundane oppfattar BKK som eit selskap som har akseptable produkt og prisar over tid.

Så vert det BKK si oppgåve å syta for at dette inntrykket faktisk er korrekt også i tida framover. Ei uheldig plassering på pristoppen i februar vil ikkje verta representativ året sett under eitt.

KJELL HARALD LUNDE, INFORMASJONSDIREKTØR BKK