Men at avisa hans er folkeleg skal eg gje han rett i, noko den utsøkte underleiaren i gårsdagens utgåve understreka.

Dette handlar likevel mest om eit pressepolitisk prinsipp, og Bergo vart hovudperson berre fordi han er sett til å fronta momssaka for Mediebedriftenes Landsforening (MBL), og fordi han er ansvarleg for ei avis som profilerer seg slik at grensene mellom avis og Se og Hør blir utydelege. Det er etter mitt syn ein uheldig kombinasjon.

Den grensa Bergo dreg — og som han synest er så opplagd - er for andre av oss svært vanskeleg å få auga på. I avisporteføljen som er friteken for moms inngår publikasjonar av typen Stall-Skriket, Tips og SøndagSøndag. Den siste freistar ifølgje Dagens Næringslivs leiar (28. nov. 03) eit tilvære «ganske langt ned i den journalistiske næringskjeden, delfinansiert av et konstant gjørmebad i sexannonser». Og når Bergo meiner eg står så åleine i denne saka, så er det til å leva med. Men rett er det ikkje. Dagens Næringsliv er endå meir kritisk til dagens momsordning enn eg er.

Bergos forsvar for ei forelda ordning er legitim. Men han har dårlege argument, og dei er framfor alt prega av mangel på prinsipiell tenking.

I eit fritt land toler vi ikkje at staten blandar seg inn i kva pressa skriv. Men vi godtek no at leiaren i MBL meiner skattemessige særfordelar skal tildelast ut frå ei prosentuell fordeling av «nyheter som er viktige for samfunnet» og meir unyttig underhaldningsstoff. Dagbladet har visstnok drygt 30 prosent underhaldningsstoff, og det er ifølgje Bergo akseptabelt. Då kan staten gi momsfritak i hundre millionarsklassen. Men dersom prosenten blir 40, eller 50? Kva slags gjørme er vi hamna i dersom medievitarar og Oslo fylkesskattekontor og politikarar av ymse slag skal sitja og overvaka kjendisstoff og såkalla seriøst stoff - finna definisjonen og fordelinga - og deretter tildela moms eller momsfritak? Ser ikkje Bergo det absurde i denne situasjonen?

Eg har ikkje noko ønskje om å gje Se og Hør momsfritak. Men eg kan ikkje sjå at det finst gode og framfor alt prinsipielle og saklege grunnar for å nekta dei det.